Påska er ikkje avlyst 

Skriven 07.04.2020 under Nyheiter, Ukategorisert

Ein må ikkje vere på hytta for å kose seg med appelsinar og egg som er proppfulle av enten protein eller søtstoff. Vi gir deg seks tips til di heimepåske.

Digital henging

Sjølv om ein må halde seg heime, betyr det ikkje at ein ikkje lengre har moglegheit til å vere sosial med vennene sine. Internett florerer (heldigvis) av tilbod på digitale aktivitetar. Kva med å ta fredagsquizen med vennene sine over Skype? Eller nyte ein digital konsert med favorittmusikaren sin?

Foto: Skjermdump frå Facebook

 

Spel deg til 70. 000,-

Er du av den speleglade typen kan vi glede deg med eit splitter nytt tilbod; nemleg VestLAN VIRTUAL 2020. Eit virtuelt LAN-party med heile 70. 000 kroner i potten! Hent fram gameren i deg, og benk deg framfor datamaskina 24.- 26. april.

 

Digg mat på døra

Som følge av koronaviruset skal vi halde oss heime og helst unngå for mange turar på butikken. Samtidig er det fleire lokale resturantar og kafear som slit. No som konfirmasjonar, bryllaup og andre sosiale samankomstar er avlyst, er det mange som misser inntekt i det som skulle vert høgsesongen deira. Fleire av desse leverer no på døra som eit ekstra tilbod i denne sårbare tida. Vi ser på det som ein real vinn-vinn-situasjon. Og så er det kanskje litt hyggeleg at det for ein gong skyld ringer i dørklokka etter gammalt?

Foto: Foto Håjen Kafè

 

GÅ UT

Altså, ein treng ikkje vere på hytta for å kunne kose seg ute. Mange vil bli overraska over alt nærmiljøet faktisk har å by på. Kaffi på termos og sjokolade i sekken er for mange ei solid oppskrift på ein bra tur. Fyr gjerne opp eit bål, lag pinnebrød eller suppe, og NYT. Tore Friele Lie og Lisbeth Bringebøen frå Falkeblikk er rutinerte turgåarar. Her får du deira beste tips!

Foto: Tore Friele Lie og Lisbeth Bringebøen / Falkeblikk

Søk jobb

Så er det kanskje ikkje høgsesong for jobbsøking akkurat no, men det kjem ei tid etter koronakrisa også. Det ligger fortsatt mange spennande stillingar ute som det er verdt å sjekke ut. Og ikkje minst; oppdater din CV! Det har ein tid til i dei rolege dagane som kjem..

Den nye maskoten vår, Fram, diggar alle som søkjer jobb i Vestland.

 

Eggejakt

Ein blir aldri for gammal til å leite etter påskeegg. Ein kan glede andre, og ein blir garantert glad sjølv. Kva med å kjøpe inn eit egg, fylle det med noko godt, vaske det med ein runde antibac (berre sånn i tilfelle…), lage eit skattekart og legge det i postkassen til nokon ein er glad i?

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.