Møt oss på påsketreff i Nordfjord

Skriven 06.02.2017 under Nyheiter

Tirsdag 11. april kan du møte Framtidsfylket og 40 andre bedrifter på Påsketreffet i Nordfjord. Ser vi deg der?

– Vi håpar alle som er interesserte i ei framtid i Nordfjord, tek turen innom Operahuset i påska, seier Gro Rukan, dagleg leiar i Framtidsfylket.

Treffet pleier å samle rundt 300 personar i Operahuset. Til no er det over 40 påmelde bedrifter.

– Påsketreffet har lang tradisjon som brubyggar mellom potensielle tilflyttarar og næringslivet i Nordfjord. Vi gler oss til å møte mange nye sognandfjordingar, seier Rukan.

Deltakar? Meld deg på her.

Bedrift? Meld deg på her.

Program

Frå kl.16.00 til kl.17.00
– Sagaløypa, ei historisk vandring gjennom Eid

Frå kl.17.00 til kl.18.00
– Sjå gjenskapinga av Myklebustskipet og filmen om «Det Brente Skipet», og varm deg med deilig gløgg

Frå kl.18.00 til kl.21.00
– Møt eit mangfald av bedrifter på stand og ledige stillingar
– Presentasjon av Prosjektet Stad skipstunnel
– Servering av mat og drikke

Kl.20.30 Gymmen Opnar (18-års aldersgrense)
– Malakoff programslepp
– Konsert med Pil & Bue

Frå kl.21.00
– Etterfest på Expeditionen (18-års aldersgrense)

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.