På jobbjakt? Slik blir du synleg for næringslivet

Skriven 29.04.2019 under Nyheiter

No er det høgsesong for ledig stilling. Hugs å registrere CV-en din i Framtidsfylkets jobbportal.

I tida framover er det mange som skal ut på jobbmarknaden og søke seg jobb. Då er det viktig å vere i forkant og synleg for arbeidsgjevarane. Kanskje ser dei etter akkurat deg og din kompetanse?

Slik kan næringslivet i Sogn og Fjordane finne deg:

  1. Registrer profil i Framtidsfylkets jobbportal. Det gjer du her.
  2. No kan du registrere CV-en din. Det gjer du her.
  3. Du er no i Framtidsfylkets CV-database. Det betyr at du dukkar opp i søk hos bedriftene. Nokre av bedriftene vil også få varsel om at du har oppretta CV.
  4. Du kan også motta varsling når bedriftene legg ut ei stilling for deg og ditt fagfelt, finne ledige stillingar og søke på ledige stillingar.
  5. Har du ei spesiell bedrift i sikte? Sjølv om dei ikkje har lyst ut ledig stilling, aukar du sjansen for jobb om du kontaktar dei og presenterer deg. Slik som Sara gjorde då ho var på jobbjakt i Sogn og Fjordane.

Spørsmål? Vi i Framtidsfylket har god oversikt over jobbmarknaden og hjelper deg gjerne. Send ein mail eller ring til:

Kristine Slettehaug, kommunikasjon og marknad, 917 72 842 / kristine.slettehaug@framtidsfylket.no

Linda Hovland, dagleg leiar, 990 17 852 / linda@framtidsfylket.no

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.