Kule jobbar i Sogn og Fjordane

Skriven 15.10.2020 under Nyheiter

Variert og unikt er stikkorda for månadens ledige stillingar i Sogn og Fjordane. Er oktober månaden du skal søke ny jobb? Sjekk ut!

Foto: Norec (tidlegare Fredskorpset).

Norec søker rådgivarar

Norec er ein attraktiv arbeidsgjevar, og mange blir nok glade når vi kan annonsere at dei har heile to ledige stillingar. Dei ser etter ein Analyserådgivar og ein Rådgivar for verksemdstyring. Søknadsfrist er 26. oktober.

PwC søker advokatfullmektig

På grunn av auka oppdragsmengde søker PwC Førde etter ein Advokatfullmektig som vil vere med og vidareutvikle PwC sitt advokatkontor. Både nyutdanna og kandidatar med 1-3 års erfaring blir oppfordra til å søke. Søknadsfrist er 26. oktober.

Foto: PwC

PwC i Førde søker advokatfullmektig. 

Airlift søker helikopterteknikar

Airlift søker ein motivert og sjølvstendig Helikopterteknikar  til line/base vedlikehold av AS350/H125. Om dette gav meining, bør du legge inn ein søknad før 1. november. Arbeidsstad vil vere ved Førde Lufthavn, men dersom det er kandidatar som er interessert i arbeid ved Airlift sin base i Kinsarvik i Hardanger, er det også ein moglegheit.

Lotteri- og stiftelsestilsynet søker avdelingsleiar

Lotteri-og stiftelsestilsynet har ledig ei heilt ny stilling! Dei har oppretta ei ny avdeling for frivilligheitsstøtte, og søker no ny Avdelingsdirektør. Sidan det er ei ny stilling, får du vere med på å utforme den. Avdelinga har 11 tilsette, og som leiar vil du sitte i leiargruppa i Lotteri- og stiftelsestilsynet. Obs: Hugs å søke innan 18. oktober.

Sogndal kommune søker kulturhusleiar

Er du kulturleiaren som saknar å delta aktivt i produksjonar? Då er kanskje dette stillinga for deg. Sogndal kommune søkjer Kulturhusleiar med produksjonsansvar , og saman med kinosjef og marknads- og arrangementsansvarleg får du ansvar for å utvikle Sogndal kulturhus vidare.

Helse Førde søker forhandlingssjef

Dersom du ønsker ei spennande stilling innan forhandling og arbeidsgjevarpolitikk, er dette rette stillinga for deg. Helse Førde ser etter ein erfaren og dyktig Forhandlingssjef  som fremmar godt samarbeid og er løysingsorientert. Søknadsfrist er 16. oktober.

HVL søker førsteamanuensis/førstelektor innan sjukepleie

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig inntil tre faste stillingar i 100 % som førsteamanuensis/førstelektor innan fagområdet sjukepleie ved Fakultet for helse- og sosialvitskap, campus Førde. Obs: Hugs søknadsfrist 18. oktober.

INC-gruppen har fleire ledige stillingar

Vendanor søker to nye medarbeidarar i Stryn

Vendanor er eit teknologiutviklings- og produksjonsselskap med hovedkontor i Stryn. Dei jobber i skjæringspunktet mellom mekanisk engineering, automasjon og datateknologi, og ser no etter to nye medarbeidarar:

Obs: Søknadsfrist er 15. oktober.

Vendanor i Stryn søker to nye kollegaer.

Ikkje noko for deg? Sjå fleire ledige stillingar her. 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.