Over 1000 søkjarar til årets traineestillingar

Skriven 03.03.2016 under Nyheiter

Framtidsfylket har fått inn heile 1020 søknader til årets 19 traineestillingar. Fjord1 kapra 103 av dei.

I fjor landa ein på 550 søkjarar, som var ei massiv auke frå året før. Årets 1020 knuser alle rekordar.

– Dette er attraktive stillingar i spennande verksemder. Vi har prøvd å møte potensielle søkjarar der dei er, på deira plattformar, og vi har nådd mange, fortel Gro Rukan, dagleg leiar i Framtidsfylket.

Søkjarar frå heile landet
I søkarmassen er ca 25 prosent frå Sogn og Fjordane,  75 prosent kjem frå resten av landet.

– Vi har hatt svært stor pågang frå heile landet.  Vi har no hatt traineeprogram i 12 år og karrieremesser i 10 år, og eg trur den langsiktige satsinga verksemdene har lagt ned, er ein viktig årsak til at fleire oppdagar mulegheitene i Sogn og Fjordane.

Rukan trur også at ein usikker jobbmarknad er medverkande til det høge søkjartalet.

– Vi har snakka med svært mange unge på karrieremessene, og dei fortel om ein svært pressa jobbmarknad – spesielt for nyutdanna. Det gjer at ein må tenkje nytt, og då skal vi vere klare til å vise dei kva fylket har å by på, fortel Rukan.

To traineekull
Årets 17 traineebedrifter søkte i alt etter 21 traineear. Sogndal Fotball hadde allereie funne sine kandidatar, og var difor ikkje med i utlysinga. Det er stillingane Fjord1 og Sparebanken Sogn og Fjordane som har fått flest søkjarar. Fjord1 hadde heile 103 søkjarar til si stilling innan teknologi, innovasjon og fornybar energi. Sparebanken Sogn og Fjordane hadde 101 søkjarar.

– Jamt over er det kome mange søkjarar til dei fleste stillingane. Vi ser at det er vanskelegare å nå tak i IT-utdanna, men vi er svært nøgde med både søkjartal og kvaliteten på søkjarane. Det viser at det nyttar å satse i fellesskap , seier Rukan.

No skal verksemdene i gang med søkarprosessen og finne sine kandidatar. Rukan satsar på at det vert to traineekull neste år.

– Vi håpar at flest mogleg får full klaff med sine kandidatar, så vi kan rekruttere dobbelt så mange traineear til Sogn og Fjordane, seier ho.

Traineeordninga til Framtidsfylket hadde 10-årsjubileum i 2014, og 125 traineear har til no vore gjennom programmet.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.