Økonomiservice ser etter nye medarbeidarar: – Heller framoverlent enn best i klassen

Skriven 10.07.2020 under Nyheiter

For Økonomiservice er det viktigare kor du har tenkt deg enn kor du er. Når dei no lyser ut fleire stillingar, ser dei ikkje etter flinkaste eleven i klassen.

Assisterande leiar i Økonomiservice, Jon Arve Hatlevoll, besøker Kristiansand dyrepark då vi ringer han for ein prat om dei ledige stillingane. Han skiftar fort frå feriemodus til jobbmodus når vi spør om han har tid til litt jobbprat.

–  Rekruttering er viktig. Eg snakkar gjerne om det, seier han, til lyden av barneskrål i bakgrunnen. Og er det apelydar vi høyrer?

Dagens arbeidsliv har blitt sånn. Meir fleksibelt, men også meir tilgjengeleg. Vi svarar gjerne på ein jobbtelefon i ferien, eller sjekkar mailboksen i helga. Til gjengjeld er det innanfor å gå to timar tidlegare på ein fredag, fordi det er sol og fjellet lokkar.

Det skal vere godt å jobbe i Økonomiservice

 – Hos oss er det fullt mogleg med heimekontor eller utekontor. Du kan rigge deg frå kvar som helst, så lenge du gjer jobben din. Vi har teknologiske løysingar som fasiliterer for det. Samtidig har vi kultur for at vi strekker oss langt for å vere tilgjengelege for kundane våre.

Det er fleire grunnar til at det er godt å jobbe i Økonomiservice – rekneskapsbyrået som held til i både Lærdal, Årdal, Sogndal, Vang, og Leikanger.

– Vi er opptekne av kva fase du er i livet, og legg til rette for at den som jobbar hos oss skal trivast og få ein tilpassa arbeidskvardag. Anten du er i småbarnsfasen eller er ein person som likar å reise, vil vi at det skal fungere for deg. Då aukar sjansen for at du gjer ein god jobb for oss.

Med jamne mellomrom arrangerer Økonomiservice samling for dei ulike kontora.

– Det er viktig å sjå kvarandre innimellom og skape samhald. Alle kontora har eit uformelt miljø med god takhøgde til felles. Det er også rom for å gjere feil. Det tek vi med oss vidare som læring og erfaring.

Bygger lag for framtida

Økonomiservice har travle tider, og ser difor etter tre nye medarbeidarar. Dei treng kontorleiar i Leikanger og rekneskapsførar/rådgjevar til både Leikanger-  og Årdalskontoret.

– Samtidig som det skjer endringar i bransjen, ser vi nye behov hos kundane. Dei treng meir oppfølging og rådgjeving, og etterspurnaden etter rekneskapstenester er stor.

Hatlevoll rekrutterer med tanke på både notid og framtid.

– Vekstra Fredheim er nyleg blitt del av Økonomiservice, og dei tek med seg nyttig erfaring og kompetanseoverføring. Når vi rekrutterer bygger vi lag for framtida, samtidig som vi tar med oss erfaring frå fortida. Det trur eg det blir gode resultat av.

Han samanliknar gjerne Økonomiservice med eit fotballag.

– Vi ønsker å bygge eit godt lag som samarbeider godt. Saman skapar vi verdi både internt og for kundane.

Heller framoverlent enn best i klassen

På spørsmål om kva dei ser etter hos jobbkandidatar, understrekar Hatlevoll at dei ikkje nødvendigvis er på jakt etter toppkandidatane, men først og fremst dei som er nysgjerrige.

– Det er sjølvsagt inga ulempe om du er dyktig, men at du er endrings- og lærevillig og ønsker å utvikle firmaet, er vel så viktig. Om du er engasjert og aktiv kan du sette preg på både selskapet og tenestene våre. Vi jobbar i ein bransje som er i stor utvikling, så her er absolutt rom for å påverke. Om du trivst best med faste oppgåver, er det rom for det også.

Humørspreiarar er velkomne

Det er heller ikkje feil å spreie litt glede på kontoret.

– Godt humør er faktisk veldig viktig. Ein positiv person som bidrar i arbeidsmiljøet og spelar andre gode er eit stort pluss. Men eg vil ikkje sette den perfekte søkaren i ein firkanta boks. Det viktigaste i ein søknad eller eit intervju er at du viser at du har sett deg inn i kva verdiar Økonomiservice har, og at du kan passe inn i selskapet. Vis at du er ein god match for oss, så kan vi tilby ein utviklingsorientert arbeidsplass med ein trygg og solid organisasjon i ryggen.

Her kan du lese meir om dei ledige stillingane i Økonomiservice:

 

 

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.