Karriereprat: Odelsjente bygde om garden til gjestgjevarstad

Skriven 21.10.2014 under Karriereprat

Då odelsjenta Terese Balsnes flytta heim for å ta over garden i Nordfjord, var det ikkje for å bli gardskjerring: Ho ville drive hotell.

I 2009 sto Terese Balsnes og mannen Geir Holmen i kjellaren til det raude våningshuset og såg tre etasjar opp. Huset var bokstavleg talt ribba. Ein kjempejobb venta.– Vi flytta heim i 2008 med mål om å finne ut om vi ville busetje oss her. Kjenne litt på korleis det var å bu på garden, og på Eid. Vi fann raskt ut at dette var riktig for oss, og i 2009 starta oppussingsarbeidet. Draumen var å drive eit lite, eksotisk hotell med høve for å oppleve god mat og møteverksemd, fortel Terese. I dag er det først og fremst heimekoseleg som møter oss når vi entrar det vesle hotellet. Eittåringen Samuel tek oss i mot med eit litt skeptisk smil. Mora byr straks på kaffi frå små poselenskoppar. Kombinasjonen moderne løysningar, som vassboren varme i golv, og historisk preg på interiøret, skaper komfort og unik atmosfære. Her skal det vere godt å vere.

I husets ånd

Med enorm innsats frå foreldra i nabohuset, der faren leia det byggtekniske arbeidet og mora stilt som barnevakt, brukte paret tre år på å rehabilitere det 500 kvadratmeter store huset frå 1870. Dei originale lafteveggane, alt gamalt tømmer og murveggane i kjellaren er teke vare på.– Vi er veldig sosiale menneske, så tre år i ei oppussingsboble tok på, seier Geir.– Men det var jo verdt det, skyt Terese inn. For som hotellvertar ligg alt til rette for å vere sosiale. Småbarnsfamilien bur i eine delen av huset, og driv hotellverksemd i den andre. Kjøkkenet ligg som eit bindeledd mellom delane, og når Terese og Geir seier «Velkommen heim til oss» til gjestane, meiner dei det.– Det har alltid vore mange i dette huset. Store ungeflokkar og fleire generasjonar har levd samtidig under same tak. Det er i husets ånd at det er mykje liv i huset. Det er sjølvsagt litt spesielt å bu i same huset som gjestane, men sjølv om det er litt rart er det mest fint, smiler Terese som alltid sørgjer for å vere oppe før gjestane. Frukosten må vere klar.

Alternativ gardbrukar

Ho er 7. generasjon på garden, og første jenta som er gardbrukar. Dei er eit av fem gardsbruk som driv samdrift med fellesfjøs. Det var ein av grunnane til at Terese valde ta over.– Eg ville ikkje flytte heim for å vere gardskjerring. Samdrift gjer det muleg for oss å drive hotellet, og slike alternative løysningar set vi pris på.I 2010 sa Terese opp jobben for å drive hotellprosjektet på fulltid. Ho ville kople inn turboen og ferdigstille Balsnes Gard. Geir behaldt jobben som operahusleiar på Eid.– Eg skjønte at eg måtte satse alt om dette skulle gå, seier Terese.Og ho har nok å henge fingrane i. Stor interesse frå media og nøgde gjestar har hjelpt dei med marknadsføring. Mange vil oppleve det eksotiske hotellet i Nordfjord. I tillegg til dei fire doble hotellromma tilbyr hotellet møteverksemd, selskapslokale og skjenkestove. Dei har fokus på mat, og saman med kokkane deira har dei sett saman ein fem- og sjurettars meny der smakane og rettane er tett knytt opp mot regionen.

Levd liv i veggane

Interiøret i huset er ein viktig del av konseptet.– Både eg og Terese har interesse for interiør og design og har brukt mykje tid på å leite etter riktige fargar og møblar. Vi ønskja at huset skal ha eit historisk preg, som fortel om det som har vore, men samtidig moderne innslag. Vi er opptekne av å ta vare på, men og av at vi lever i 2013. Huset skal kunne identifiserast med oss, forklarar Geir. I heile huset er det innslag frå fortida. Gamle bilete av forfedrane heng på veggane, møblane er ei lett blanding av arvegods og bruktkjøp. Dørene er gamle og slitne. Samtidig er nye element, design og material tilført. Soveromma er kanskje dei romma som ber mest preg av å vere blanding av gammalt og nytt. Alle hotellromma har moderne tapetar, men gamle møblar og fargeval i tråd med opphavlege fargar fortel om ei svunnen tid. Kjellaren ber med seg ei heilt spesiell historie. Det som no er skjenkestove har hatt ein annan funksjon.– Her var tidlegare dreieverkstad og smie. Baren er farfars gamle høvlebenk og bak disken står farmors kjøkkenbenk, fortel Terese og held opp ei tang.– Tippoldfar var både smed og tannlege, grøssar ho. Men sjølv om ho grøssar over tippoldefars brutale trekking av tenner, ser dei levd liv i veggane som ein fordel.– Hotellet får sjel og ei unik atmosfære med så mykje historie i veggane. Det som har vore betyr noko for oss, og det skal vi ta vare på, avsluttar Terese.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.