Folka 2026

Framtidas arbeidsliv krev at vi tenkjer nytt. Bli med på årets happening for deg som jobbar med rekruttering i Vestland, og finn ut kva som gjer deg til ein framtidsretta arbeidsgjevar. 

Tema for konferansen er «Eit arbeidsliv i endring» og datoen er 18. november på Skei.

Eit arbeidsliv i endring

Tid: 18. november 09.00–16-00

Stad: Grand Hotel Skei

Teknologien utviklar seg raskare enn nokon gong, kompetansebehova endrar seg og konkurransen om arbeidskrafta blir tøffare. For verksemder i Vestland handlar det ikkje lenger berre om å fylle ledige stillingar, men om å sikre rett kompetanse for framtida. Difor er årets tema: Eit arbeidsliv i endring

Korleis skal vi rekruttere i åra som kjem? Kva kompetanse treng vi eigentleg? Og korleis kan vi tiltrekkje, utvikle og behalde folk, særleg i distrikta? Dette er nokre av spørsmåla vi utforskar på FOLKA på Skei. Delta på årets møteplass for deg som jobbar med rekruttering, HR, kommunikasjon eller leiing. Her får du innsikt i dei viktigaste trendane, praktiske verktøy du kan ta i bruk med ein gong, og høve til å møte andre som står i dei same utfordringane som deg.

Velkomen til FOLKA – konferansen for deg som skal rekruttere framtidas arbeidskraft i Vestland.

Program 18. november 2026

09:00-09:30 Kaffi og mingling
09:30-09:45: Velkommen ved konferansier Irene Kinunda Afriyie og Linda Hovland i Framtidsfylket.

TEMA: Korleis får vi tak i folk når alt rundt oss endrar seg?

09:45 Når arbeidslivet endrar seg v/ Framtidsetnolog Ida Hult
10:25 Pause
10:40 Mangel på mangfold = mangel på folk v/ Irene Kinunda Afriyie
10:55 Kva betyr det for verksemda at reglane endrar seg? v/Kjartan Almenning, politisk direktør i Abelia
11:25 Panelsamtale: Lokale partar i arbeidslivet om endringane i reglane. Moderator: Sigrid Førde
11:50 Minglelunsj

TEMA: Vi må rekruttere breiare og utvikle dei folka vi har

12:30 Intro til temaet v/Irene
12:40 Om du skal ha seniorar i morgon, må du tilsette juniorar i dag. v/ Juan Bostad og Stine Liabø Rognsø, Norwell
12:55 Kompetanse som strategisk omstillingsevne. v/ Øystein Nes, dagleg leiar i Inviro
13:05 Skråblikk på arbeidsgjevarar i Vestland v/Irene Kinunda Afriyie
13:15 PAUSE

TEMA: Korleis tiltrekke og behalde folk

13:30 Talent city Index Vestland 2026, Kva omdømme har Vestland på arbeidsmarknaden? v/ Marcus Andersen, Future place Leadership
13:45 Miniseminar i employer branding v/ Hans-Petter Stub
16:00 Vel heim

Ønsker du å gjere deltakinga til ein 2-dagars studietur? Les meir her.

Desse står på scena

Hans Petter Stub

Hans Petter er ein av Norges fremste konsulentar og foredragshaldarar innan employer branding. Han gir deg ein miniworkshop i employer branding der du blant anna finn ut korleis verksemda di kan tiltrekke seg og halde på dei beste folka. Hans Petter Stub fortel deg kva som skal til for å skape eit attraktivt arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar.

Ida Hult

Ida Hult er etnolog og ein av Nordens fremste framtidsstrategar. Ho gir deg ei tankevekkande forelesning om KI, arbeidsliv og kanskje det viktigste framtidsspørsmålet av alle: Kva ser folk etter når verda rundt dei endrar seg?

Irene Kinunda Afriyie

Irene Kinunda Afriyie er dagens konferansier. Ho har ei unik evne til å gjere komplekse samfunnsspørsmål engasjerande, varme og forståelege. Ho er dagens konferansier og gir oss blant anna innsikt i kvifor mangfald er eit strategisk val du ikkje lenger har råd til å ignorere.

Tidlegare FOLKA

Folka har blitt arrangert sidan 2023 og er eit samarbeid mellom Framtidsfylket, NHO Vestland, Sogn Næring, Nordfjordkompaniet og Sunnfjord Utvikling.