Nytt på jobbmarknaden i Sogn og Fjordane

Skriven 18.03.2019 under Nyheiter

Noko som passar for deg? Sjekk ut nyleg publiserte stillingar på Framtidsfylkets jobbportal.

Norec fekk rekordmange søkarar til traineestillinga si, var det mange som kunne tenke seg å søke, men ikkje kom under kategorien nyutdanna. Difor er det gledeleg å melde at dei no har to ledige stillingar. Norec ser etter Analyserådgjevar og Compliance Officer/Controller.

INC Gruppen i Florø fortset jakta på nye tilsette grunna auka aktivitet. No søker dei etter HMSSK/ HR-Rådgiver  og sommarvikarar.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har ledig fast stilling i nærings- og kulturavdelinga som Rådgjevar innan kultur og helse. Om du har lyst til å vere med på å utvikle kultur i helse-, omsorgs- og oppvekstsektoren, skal du søke den spennande stillinga før 31. mars. Dei ser også etter to Lærlingar i kontor- og administrasjonsfag.

Salt arkitekter søker Engasjerte arkitektar til Norges vestlegaste by. Dei ser etter deg med gode arkitektfaglege kunnskapar og god gjennomføringsevne. Hugs å søke før 8. april!

TNSDC er eit nystarta skipsteknisk ingeniørselskap som søker etter Ingeniørar med erfaring og interesse for skipsdesign, konstruksjon og skipstekniske systemløysingar. Dei ser spesielt etter:

  • Ingeniør/Sivilingeniør – Struktur, styrkeberegning og konstruksjon
  • Ingeniør/Sivilingeniør – Maskin, Piping og HVAC

Sjekk ut!

Gloppen kommune har for tida fleire ledige stillingar. Sjå berre her:

Til slutt må vi minne om at det er tid for å søke sommarjobb. Huk av for sommarjobb i jobbportalen vår, og du får full oversikt.

Sjå alle ledige stillingar publisert på Framtidsfylket her.

God jobbsøk!

 

 

 

 

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.