Dette er nytt på jobbmarknaden i Trivselsfylket!

Skriven 04.02.2019 under Nyheiter

Når jobbportalen er krydra med sommarjobbar, veit vi at det går mot vår. Her er nytt på jobbmarknaden.

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter er kjent for å vere ein kjekk stad å tilbringe sommaren, og no har dei har publisert årets sommarjobbar. Dei treng folk til både helseavdelinga og kontor- og driftsavdelinga. Om du er glad i natur, likar å vere aktiv og trivst med  høgt tempo i ein inspirerande arbeidskvardag, må du hugse å søke før 22. februar.

Tibber er verdas første heildigitale straumselskap, i vekst og treng stadig nye folk. No ser dei etter:

Og mens vi er inne på teknologijobbar, Sparebanken Sogn og Fjordane har lyst ut heile fem ledige stillingar på teknologiavdelinga:

Maritime Montering held til i Bygstad, og saman med søsterselskapa er Maritime-gruppa blant dei marknadsleiande innanfor innreiing av skip og rigg. No ser dei etter Technical Coordinators. Om du er ingeniørutdanna, skal du ta ein nærare kikk på stillinga.

Lotteri- og stiftelsestilsynet treng fleire juristar, og har lyst ut to stillingar for juristar i Stiftelsestilsynet.Det er ein fordel om du har erfaring frå, eller interesse for, kommunikasjonsarbeid, og/eller erfaring frå analyse- og statistikkarbeid. Dei har også ledig traineestilling.

Fleire ledige stillingar og sommarjobbar finn du her. Hugs å huke av på kvar type stilling du ser etter, fulltid, deltid, sommarjobb, så blir søket tilpassa deg.

Til slutt vil vi minne om at det framleis er mogleg å søke på traineeprogrammet vårt. 33 spennande traineestillingar i Sogn og Fjordane ventar på deg!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.