Nytt på jobbfronten

Skriven 29.05.2019 under Nyheiter

På tampen av mai gir vi deg desse ledige stillingane i Sogn og Fjordane.

Foto: Enivest

Breibandsselskapet Enivest har 50 tilsette og arbeider aktivt med integrasjon av ulike tenester innanfor internett, datakommunikasjon, TV, lagringsteneste, telefoni med meir. No er dei på jakt etter ein engasjert Nettverksingeniør som vil ta del i ein bransje i stadig utvikling. Hugs å søke før 3. juni.

Vil du vere med på å forme den framtidige kollektivverksemda i Vestland? Skyss og Kringom slår seg saman frå 1.1.2020, og no er det lyst ut fem nye leiarstillingar i den nye kollektiveininga. Arbeidsstad er Bergen, Førde eller Leikanger.

Søknadsfrist 5. juni!

Bolseth Glass AS er ein av Norges leiande fasadeentreprenørar og har hovudkontor og fabrikk på Sandane i Nordfjord. No ser dei etter Produksjonsmedarbeidarar og Lærlingar, gjerne med erfaring frå glasfaget eller tømrarfaget, snikkarfaget, blikkenslagerfaget eller mekanisk industri.

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter er ein spesialistinstitusjon innan fysikalsk medisin og rehabilitering. Dei søker etter ein IT-konsulent som har lyst til å jobbe i skjæringspunktet mellom helsefag og IT, og har lyst til å vere med å utvikle deira IT-løysingar. Dei treng også ein Spesialist innan fysikalsk medisin og rehabilitering.

Minner også om at Framtidsfylket har ledig vikariat som Kommunikasjonsmedarbeidar. Om du brenn for å synleggjere karriere i Sogn og Fjordane, og vil vere med på å utvikle oss inn i Vestland, vil vi gjerne høyre i frå deg. Søknadsfrist er 9. juni.

Sjå alle våre ledige stillingar her. 

Om du er på jobbjakt i Sogn og Fjordane må du hugse å registrere CV-en din i vår jobbportal, slik at næringslivet finn deg!

 

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.