Nytt år, ny jobb?

Skriven 03.01.2019 under Nyheiter

Startar du det nye året på jakt etter ny jobb? Her er vekas ferske stillingar i Sogn og Fjordane.

Akvahub held til i Sogn og er ei felles forskings- og utviklingsavdeling for verksemder innan havbruksnæringa. No ser dei etter ein Prosjektleiar/prosjektmedarbeidar som kan bidra med fagleg kompetanse, organiseringsevne, kreativitet og entusiasme.

Lyst til å jobbe med å legge til rette for næringsutvikling? Sogn og Fjordane fylkeskommune treng Førstekonsulent/rådgjevar innan næringsutvikling m.m. Dei er også på jakt etter to trainear: Trainee innan areal- og samfunnsplanlegging og Trainee innan økonomi.

Firda Seafood Group AS er eit oppdrettsselskap med base i Gulen kommune i Sogn og Fjordane med drift frå Bremanger i nord til Bergen i sør. No treng dei ein Teknisk leiar som som blant anna vil ha ansvar for sertifisering og oppfølging av anlegg.

Ved Sagatun barnehage i Balestrand er det ledig 100 % stilling som Pedagogisk leiar frå 11. mars 2019. Det vert stilt krav om utdanning som barnehagelærar.

Foto: Jørgen Hundseth

Har du mål om å gjere eit bidrag til vår tids største utfordring; klimakrisa. Evoy er lokalisert i Florø med visjon om å eliminere utslepp frå båtar verda rundt. Dei har tre ledige stillingar:

Her finn du fleire ledige stillingar. Og gløym ikkje at Sogn og Fjordane har 32 ledige traineestillingar innan ulike fagfelt!

Lukke til med jobbsøkinga!

 

 

 

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.