Ny stilling: Prosjektleiar Klimapartnarar Sogn og Fjordane

Skriven 12.07.2019 under Nyheiter

Vestland byr på nye, spennande samarbeid. No kan du jobbe med klima på heiltid i ei nyoppretta stilling for Klimapartnarar Sogn og Fjordane.

Foto: Cecilie Bannow. Frå samlinga til det fylkeskommunale klimanettverket i Bergen i starten av juni.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har fått midlar frå Miljødirektoratet til å tilsette ein person med ansvar for å etablere Klimapartnarar Sogn og Fjordane. Prosjektleiaren skal rekruttere partnarar, private og offentlege, i  Sogn og Fjordane, og etter kvart få Klimapartnere Vestland på beina i heile det nye fylket i samarbeid med Hordaland.

– Regional plan for klimaomstilling har eit eige mål om at «næringslivet i fylket skal bidra til klimaomstilling gjennom ei styrka grøn konkurransekraft». Næringslivet i Sogn og Fjordane har potensiale til å bli leiande innanfor grøn konkurransekraft basert på dei fortrinn vi har. Ved å få etablert Klimapartnarar i Sogn og Fjordane, vil vi kunne styrke og akselerere dette arbeidet i eit nettverk. Slik kan vi spele kvarandre gode og vere eit framtidsretta næringsliv i overgangen til eit lågutsleppssamfunn, seier Ida-Beate Mølmesdal, rådgjevar i Sogn og Fjordane fylkeskommune

Grønare medlemsverksemder

Klimapartnarar er i dag Norge sitt største nettverk for privat-offentleg samarbeid på klimafeltet.
Nettverket har som føremål  å redusere medlemsverksemdene sine klimagassutslepp og utvikle nye grøne forretningsmodellar. Klimapartnarar kan vise til særs gode resultat i andre
deler av landet.

–Klimapartnarar er etablert i Hordaland, men skal vi etablere oss i Sogn og Fjordane også. Dette er ei veldig spennande stilling. Klimaomstilling av både næringslivet og samfunnet elles er ikkje eit kort og rask prosjekt, vi må jobbe over tid, seier Mølmesdal.

Ser etter deg som kan engasjere til klimainnsats

No ser dei etter ein allsidig person:

– Eg tenkjer at dette må vere ein fleksibel, kreativ og sosial person, som ikkje er redd for å utfordre både seg sjølv og andre. Klimakunnskap kan lærast, men det er viktig at ein har brei forståing for korleis næringslivet fungerer og ikkje minst korleis leiinga fungerer, då det ofte er leiinga ein må få med seg. Eg håpar vi har ein allsidig person der ute som er god til å formidle og engasjere til ekstra klimainnsats i Sogn og Fjordane.

Foto: Cecilie Bannow. Helene Frihammer og Sølve Sondbø gler seg til grøne forsterkningar i samarbeidet i det nye fylket. 

Gler seg til eit grønt Vestland

Helene Frihammer er regionskoordinator for Klimapartnere og leiar i Klimapartnere Vestland. Den som får jobben vil jobbe tett med ho for å etablere og vidareutvikle Klimapartnere i Vestland. Ho er glad for den nyoppretta stillinga.

– Gratulerer så mykje! Dette blir ein kjempestyrke for oss alle, og vi gler oss til kraftige grøne forsterkningar i samarbeidet i det nye fylket. Vi ser fram til å dele erfaringar begge vegar og nytte verktøy som vi veit har god effekt. Eit grønt Vestland med både utsleppsreduksjon og grøne næringsmoglegheiter er innan rekkevidde. Dette får vi til saman.

Sølve Sondbø er den nye seksjonssjefen for grøn vekst, klima og energi i Vestland fylkeskommune. Han vil vere leiaren til den tilsette når Vestland fylkeskommune trer i kraft 01.01.2020.

– Klimapartnere inspirerer, gir handling og kutt i klimagassutslepp, seier han og oppmodar engasjerte til å søke. Vi satsar på eit 3-årig engasjement og vil ha avklart varigheit til intervjurundane.

Her kan du lese stillingsutlysinga og søke på jobben.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.