Ny jobb før jul?

Skriven 13.12.2018 under Nyheiter

Sjølv om det nærmar seg jul, er det publisert mange ledige stillingar i Sogn og Fjordane.

iVest Consult i Florø er eit rådgjevande ingeniør- og arkitektselskap som driv med fleirfagleg rådgjeving. Dei er til saman 37 tilsette, og no treng dei fire nye medarbeidarar:

Søknadsfrist er 11. januar 2019 på alle stillingane. For meir informasjon, sjå: www.ivestconsult.no eller www.arkitektnytt.no

Sparebanken Sogn og Fjordane lyser ut to faste stillingar og to traineestillinger:

Send dei ein søknad om du vil jobbe i det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen.

Er du ein handlekraftig person som likar å jobbe sjølvstendig? NAV Kontaktsenter Sogn og Fjordane har ledig faste og mellombelse stillingar som rettleiarar. Send dei ein søknad om du er på jakt etter utfordrande og meiningsfylte arbeidsoppgåver i eit engasjert og kompetent arbeidsmiljø.

Statens vegvesen Region vest har ledig stilling på plan- og forvaltningsseksjonen i Sogn og Fjordane. Dei søkjer deg som ønskjer å bidra til at tryggleiken og effektiviteten i vegsystemet er så høg som mogleg. Arbeidssted er Førde eller Leikanger.

I tillegg har Lotteri- og stiftelsestilsynet, Eid kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune lansert ledige stillingar siste veka.

Sjå alle ledige stillingar her!

 

 

 

 

 

 

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.