Null planar for hausten? Bli trainee!

Skriven 12.06.2020 under Nyheiter, Trainee

Framtidsfylket tilbyr Norges største traineeprogram. No lyser vi ut fem nye stillingar for 2020/2021.

Som trainee gjennom Framtidsfylket får du jobbe i ei spennande bedrift i Vestland frå august 2020 til august 2021. Du kan velje mellom fem stillingar innan ulike fagfelt, men søke på så mange du vil.

Gjennom året deltar du på fire traineesamlingar og ein utanlandstur. Du blir del av eit traineekull på rundt 30 personar, vil oppleve nye vennskap og bli kjent med eit rikt næringsliv i Vestland. Etter året sit du att med solid arbeidserfaring og minne frå eit innhaldsrikt år. Mange endar opp med fast jobb i Vestland.

Her er stillingane du kan søke på:

Hugs søknadsfrist 1. juli!

Felles krav til alle som søker Framtidsfylket Trainee: 

  • Fullført bachelor- eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter endt studie
  • Norsk som arbeidsspråk – munnleg og skriftleg

NB: Du må søke gjennom Framtidsfylket som driftar traineeprogrammet.
Dersom du ikkje har brukar kan du registrere deg her.

Søknadsfristen er 1. juli 2020.

Lurer du på korleis det er å vere trainee? Bli kjend med traineekullet 2019/2020 her.

Les meir om traineeordninga her.

Har du spørsmål? Sjå FAQ her.

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.