Norges største breibandskonferanse kjem til Førde

Skriven 16.10.2018 under Nyheiter, Ukategorisert

Gode resultat i Sogn og Fjordane og kompetente lokale bedrifter kan ha bidrege til det.  

Foto: Telecom Revy

Breibandskonferansen Telecomworld går av stabelen i Førde 17. og 18. oktober. Ivar Petter Grøtte i IT-forum meiner det er noko ein bør vere stolt av.
– Dei pleier alltid ha lokale innslag på programmet. At det er lagt til vårt fylke er eit teikn på at det har skjedd mykje bra her dei siste åra. Det er rett og slett eit komplement til eit miljø og flinke bedrifter i området, seier han.

Vidare skryt han av eit fagleg godt og relevant program som angår alle.
– Den handlar ikkje berre om breiband, men også mykje om mobilteknologi. Telekom er ein stor og viktig del for framtida. Det vert meir og meir digitalisering og det angår absolutt alle.

Fagleg utbytte for alle

Grøtte oppmodar næringslivet til å melde seg på konferansen og han meiner at dei aller fleste vil ha fagleg nytte av programmet.
– Det er gode fagfolk og interessante bedrifter som skal halde innlegg. Å høyre om korleis ein kan løyse at alle har tilgang til gode tenester blir svært interessant. Det er ein naturleg del av eit moderne samfunn. Vi snakkar ofte om samferdsel og infrastruktur og dette er den billigaste måten å bygge det på. Det er svært viktig å få kopla opp innbyggarane og næringslivet her i fylket.

Trykk her for påmelding og program. 

Ein sensasjon
Christiane Ulriksen er marknadsansvarleg i Enivest. Ho er einig med Grøtte om at det er stort å få arrangementet til Sunnfjord.
– Vi har jobba i fleire år med å få dette arrangementet hit. At det faktisk no er lagt til vesle Førde er rett og slett ein sensasjon. Det står mange toppleiarar på deltakarlista, og det er ei stor sak. Det er heilt spesielt at dette no skal haldast i Sogn og Fjordane.

Håpar næringslivet stiller opp

På agendaen står tema som 5G, forretningsutvikling, datasentre og mykje meir.
–  I tillegg skal det fokuserast på breiband i distriktet, noko som er høgst relevant for bedriftene i Sogn og Fjordane, seier Ulriksen.

Så langt er det over 220 påmeldte bedrifter, men dei håpar at endå fleire vil melde seg på.
– Vi håpar det offentlege og regionale næringslivet stiller opp på konferansen for å vise at det var verdt å legge ein nasjonal konferanse til ein liten by på Vestlandet, seier marknadssjefen.

 

 

 

 

 

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.