
Brussel? Kva skal de eigentleg der?
Det er eit spørsmål vi får kvar einaste gong vi vender snuten mot Brussel. For kva har vel eit traineekull frå Vestland i EU sitt maktsentrum å gjere?
I starten av mai pakka 22 traineear frå ulike verksemder i Vestland kofferten og sette kursen mot Brussel saman med Framtidsfylket. Vêret var så som så, men stemninga? Den var på topp frå første stund.
Allereie ved første stopp var det tydeleg kva som er noko av det viktigaste med traineeprogrammet: Nye vennskap, nettverk og relasjonar. Klemmar, latter og «så kjekt å sjå deg!» utspelte seg då vi omsider var samla.
Så bar det rett inn i hjartet av europeisk politikk: Europaparlamentet. I den enorme salen, med over 700 folkevalde frå EU-landa, blir avgjerdene som påverkar kvardagen til millionar av menneske tatt. Og sjølv om Norge ikkje har stemmerett, kjenner vi ringverknadene gjennom EØS-avtalen.

Europaparlamentet: I denne salen blir viktige avgjerder tatt når over 700 folkevalde frå Europa er samla. Denne dagen hadde salen besøk av 22 traineear frå Vestland.
Programmet for veka var slik velkomsthelsinga frå dagleg leiar i Framtidsfylket, Linda Hovland, lova: Dette blir ei veke med tett program, høgt tempo, mykje informasjon og mange nye perspektiv.
På dag to stod Norway House på planen – møteplassen for norske interesser i Brussel. Her fekk traineeane møte Vest‑Norges Brusselkontor ved Audun Lysbakken, spesialutsendingar frå Norge og ein representant frå NATO. I ei verd prega av uro var det kanskje ikkje overraskande at nettopp NATO gjorde inntrykk?
– Det er spennande å få innblikk i arbeidet med totalberedskap og resiliens. Eit godt forsvar er jo meir enn militære styrkar. Det var interessant å høyre kor viktig infrastruktur, helse og samfunnssikkerheit er, fortel Lauritz Isaksen, som er trainee i Fjord Base Gruppen.

Audun Lysbakken er direktør for Vest-Norges Brusselkontor. Han fortalte korleis han jobbar for å fremje og styrke Vest-Norges posisjon og interesser opp mot EU-systemet.

Norway House i Brussel: Huset fungerer som eit sentralt knutepunkt for det norsk-europeiske samarbeidet
Eit gjennomgåande tema for turen var kor tett Brussel faktisk er på kvardagen, også i Vestland. Gjennom møte med EU-kommisjonen, EFTA, NHO sitt Brusselkontor og fagpersonar innan klima, energi og digitalisering, fekk traineeane sjå «spelet» frå innsida: korleis politikk blir til praksis.
– EUs berekraftsdirektiv er veldig relevant i min arbeidskvardag Sjølv om vi ikkje er direkte omfatta, påverkar det kundane våre og dermed oss, seier Lauritz, som jobbar som berekraftsansvarleg.
Også Vanja Strand, berekraftstrainee i Nor Tekstil, sit att med nye perspektiv:
– Eg har fått eit meir nyansert bilete av sikkerheitssituasjonen i Europa. Samtidig vart det tydeleg kor tett klima, beredskap og sikkerheit heng saman.

Taffelmusikk: Lauritz Isaksen sørga for taffelmusikk i kaffipausen på Norway House.

NATO: Per Brekke gav oss innsyn i korleis NATO jobbar i ei uroleg verd.
Midt i programmet fekk traineeane også møte dei som jobbar aktivt med å påverke Noreg si rolle i Europa. Hos EFTA fekk dei forklart korleis EØS-avtalen fungerer i praksis. Vidare tok NHO dei med bak kulissane på interessearbeid og påverknad. Kort sagt: EFTA forklarte spelet – NHO viste korleis ein kan vinne det.
Malina Skillebæk Neset er trainee i Sparebank 1 Sogn og Fjordane og jobbar med forretningsutvikling.
– Det var interessant å høyre kor viktig det er at Norge er fysisk til stade i Brussel for å følge med på og påverke saker i EU. Banken eg jobbar i må etterleve fleire regelverk bestemt av EU, blant anna AI act, DORA (Digital Operational Resilience Ac) og GDPR, som påverkar min arbeidskvardag.
"Banken eg jobbar i må etterleve fleire regelverk bestemt av EU"

Malina Skillebæk Neset er trainee i Sparebank 1 Sogn og Fjordane og jobbar med forretningsutvikling.
Sjølv om programmet var tettpakka med fag, var det òg rom for det sosiale. Felles lunsjar, lange middagar, shopping, spontane turar til Place du Luxembourg og små pustepausar i parken – alt bidreg til å styrke relasjonane. Og ja, det vart både jazzklubb og karaoke.
– Det er vanskeleg å velje eitt høgdepunkt. Alt frå gode samtalar til karaoke med gode venner har gjort turen veldig givande, seier Vanja.

Sosialt: Kveldane i Brussel vart brukt godt til å styrke sosiale relasjonar i årets traineekull.

Sjømat: Mange nytta sjansen til å teste lokale spesialitetar som blåskjell, belgiske vaflar, sjokolade og øl.
Så tilbake til spørsmålet: Kva skal eigentleg traineeane i Brussel? Svaret ligg i summen av alt: innsikt, forståing og perspektiv. I løpet av få dagar får traineeane oppleve korleis politikk, næringsliv og internasjonalt samarbeid heng saman der avgjerdene blir tatt. Dei møter menneska bak prosessane, og får ei djupare forståing av korleis Vestland både påverkar og blir påverka av Europa.

Unge, lovande: Slik ser 22 av Vestland sine unge lovande ut. Dei reiser heim frå Brussel med nye perspektiv og innsikt i korleis deira arbeidsdag blir påverka av det som skjer i EU sitt maktsentrum.
Og kanskje viktigast: Dei kjem heim med nye auge på eigen kompetanse og rolle.
– I rolla mi som berekraftstrainee vart det tydeleg for meg kor tett samanvevd klima, sikkerheit og beredskap er. Det har styrka min motivasjon til å jobbe endå meir målretta med utsleppsreduksjon og klimatiltak framover, er Vanja si tilbakemelding.
For i ei verd der avgjerder i Brussel påverkar kvardagen i Vestland, gir det meining at nettopp framtidas arbeidskraft får sjå det med eigne auge.