Norges grønaste base treng fleire nye medarbeidarar!

Skriven 10.01.2019 under Nyheiter

INC Gruppen tek med seg ei rekke ledige stillingar på karrieremessene og vil gjerne snakke med deg.

Foto: Lisa Giil Photography

INC Gruppen består av fleire bedrifter innan fleire fagfelt, og hovudtyngda er knytt til oljeforsyningsbasen Fjord Base i Florø. Nye kontraktar og meir aktivitet gjer at dei i første halvår av 2019 vil tilsette mange nye medarbeidarar. Dei går breitt ut for å finne dei rette kandidatane, og du kan blant anna møte dei på Framtidsfylket sine karrieremesser i Oslo, Trondheim og Bergen.

– Kva skal til for å gjere eit godt inntrykk på karrieremessene?

– Vær deg sjølv, sett deg inn i INC gruppen og finn ut kva vi jobbar med og kva som driv oss. Vidare kan du vurdere om dette er arbeidsplassen for deg og om du vil ta ein prat med oss. Vi ser på messene som ein svært relevant kanal for å finne våre nye medarbeidarar, seier HR-leiar Anne Kari Hereid i INC-gruppen.

Skal fylle fleire fagfelt

INC Gruppen består av 365 medarbeidarar innan 13 selskap. Lista over stillingane er både lang og variert.

– Vi ser etter mange ulike personar med ulike fagfelt. Vi driv med landbasert oppdrett, mekanisk industri, logistikk, analysearbeid og mykje meir. Nokre av jobbane er på basen, andre er utanfor basen. Eg oppmodar interesserte til å besøke nettsida vår for å lese meir om dei ulike selskapa, seier ho.

Stort og engasjert arbeidsmiljø

Hereid lokkar med eit engasjert og inkluderande arbeidsmiljø.

– INC gruppen lever for å gripe moglegheiter og skape verdiar, og vi ser alltid etter nye område der vi kan vekse for å vere ein viktig arbeidsplass, også i framtida. Hos oss kan du utvikle deg saman med engasjerte og inkluderande kollegaer. Vi har også ei velforeining som lagar sosiale arrangement på tvers av selskapa. Møt oss gjerne på karrieremessene for å høyre meir om dei ledige jobbane.

PÅMELDING KARRIEREMESSER

NYE STILLINGAR I INC

  • Automasjonsingeniør
  • Byggingeniør
  • Elektrikarar
  • Hydraulikkmekanikarar
  • Industriformann
  • Industrimekanikar
  • Industrirøyrleggarar
  • Ingeniør RAS/prosessteknikar
  • Kontrakt/anskaffelse
  • Kontrollør elektro
  • Laborant/teknikar
  • Lagerkoordinator
  • Logistikkplanleggar
  • Lærlingar
  • Maskinførarar
  • Maskiningeniør
  • Materialforvaltar
  • Operativ leiar LEAN/material
  • Prosjektleiarar
  • Logistikk trainee
  • VVS ingeniør/KEM-teknikar

Les meir på nettsidene til INC

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.