Img3814 768x576

Møt vår nye kollega!

Skriven 13.08.2018 under Nyheiter, Ukategorisert

Kristine Slettehaug er tilsett som ny kommunikasjonsmedarbeidar i Framtidsfylket.

– Eg gler meg til å løfte fram gode historier og interessante menneske frå Sogn og Fjordane. Om eg kan vere med på å opne auga til jobbsøkarar for alle moglegheitene som finst her, så føler eg at eg gjer ein viktig jobb. Vi er flinke til å seie at vi har det så bra her. Eg vil gjerne synleggjere kvifor, seier Slettehaug, som kjem frå Naustdal.

Stadig imponert
Slettehaug har ein bachelorgrad i Kommunikasjon og medievitenskap, samt eit årsstudium i innføring i informasjons- og kommunikasjonsarbeid. Dei siste åra har ho jobba som tekstforfattar i reklamebyrået Findriv i Førde. Tidlegare har ho vore tekstforfattar i Rein Design og journalist i Fylkesmagasinet og Papiravisa.

Slettehaug har altså jobba tett på næringslivet i fylket i mange år, og seier ho er stolt over det ein får til her.
– Enormt mangfald og stor verdiskaping er det første som slår meg. Eg blir stadig imponert når eg høyrer eller les om kva som blir skapt her i vårt vesle, store fylke. Men kvifor skulle ikkje vi få til det som andre klarar? Det manglar ikkje på idear, engasjement, kompetanse eller arbeidsvilje. Og alt dette får vi til utan spisse olbogar. Berre med hardt arbeid. Det tykkjer eg er fint, seier ho.

Godt fornøgd med ny kollega
Linda Hovland, dagleg leiar i Framtidsfylket, er godt fornøgd med tilsetjinga.
– Vi er strålande fornøgd med å ha fått inn ein så engasjert og flink medarbeidar som Kristine. Ho kjenner næringslivet i fylket godt, og er knakandes god på tekst, noko som utmerka seg allereie i søknaden, seier Hovland.

Kommunikasjon og innhaldsproduksjon
Slettehaug skal jobbe med planlegging og gjennomføring av aktivitetar, innhaldsproduksjon, utarbeide gode kommunikasjonstiltak og følge opp nye og eksisterande kundar.
– Eg trur at vi no har på plass ein stab som utfyller kvarande og kan møte det som kjem av endringar og moglegheiter i Vestland fylkeskommune eller sagt på ein anna måte; Det nye Framtidsfylket, seier Hovland.

Slettehaug begynner i jobben 1. september.

Ho tek over stillinga etter Kristine Folland, som skal begynne som kommunikasjonsrådgjevar i Fredskorpset.