Kmbergen08 768x512

Karrieremesse i Grieghallen i kveld

Skriven 10.01.2018 under Nyheiter

6 føredrag, 75 bedrifter og mange ledige stillingar. Sjekk ut årets program og kom i Grieghallen i kveld!

Karrieremessene i Trondheim, Oslo og Bergen er blitt ein fast møteplass mellom næringslivet og potensielle tilflyttarar til Sogn og Fjordane. I 2017 hadde karrieremessene over 1200 besøkande, og vi håpar at minst like mange vil ta turen i år.

Karrieremessa i Trondheim
Dato: 25. januar kl 17-21
Stad: Scandic Lerkendal
Påmeldingsfrist: 18. januar

Desse bedriftene kan du møte i Trondheim

Karrieremessa i Bergen
Dato: 13. februar kl 17-21
Stad: Grieghallen
Påmeldingsfrist: 7. februar

Desse bedriftene kan du møte i Bergen

Det vert ikkje arrangert karrieremesse i Oslo i 2018.

Meld deg på årets karrieremesser her


2+2 AWESOME Sogn og Fjordane  

Nytt av året er at vi deler karrieremessa i to – ein konferansedel og ein mingledel. Vi har invitert 6 av fylkets fremste bedriftsleiarar til gje dykk eit lite innblikk i kva Sogn og Fjordane har å by på.

I tillegg har vi fått med oss sjølvaste Kjartan Lauritzen. Stjerneskuddet frå Balestrand har gjort stor suksess i heile landet med blant anna kjente låter som «Havanna» og «Fredag».


PROGRAM

16.30-16.55
Registrering med litt å bite i

17.00-18.30
Seminar AWESOME Sogn og Fjordane
– Egil Mundal / Sogndal Fotball
– Ingvill Hestenes / Melin Medical
– Reiel Haugland / Sparebanken Sogn og Fjordane
– Steinar Sørli / Villa Åmot
– Marte Vassbotten / PwC/Havbruk
– Edgeir Aksnes / Tibber

& Kjartan Lauritzen

18.30-20.45
Treff spennande bedrifter frå Sogn og Fjordane.
Lett servering ca kl 20

20.45 Kjartan Lauritzen

21.00 Karrieremessa er slutt


Oppdatér profilen din!
I vekene før karrieremessene brukar mange bedrifter aktivt CV-databasen for å sjekke ut potensielle arbeidstakarar. Nytt av året er at bedriftene også får tilgang til påmeldingslistene til messene. Det er difor særs lurt at du oppdaterer CV-en din og ikkje minst melder deg på karrieremessa du kjem på. På denne måten aukar du dine sjansar for at potensielle arbeidsgjevarar finn nettopp deg.

Vinn guida tur på Via Ferrata
Alle messedeltakarar som har meldt seg på innan fristen, er med i trekkinga av ein guida tur på Via Ferrata Loen & Loen Skylift. Du må vere til stades under trekkinga for å kunne vinne.

Møt traineebedrifter
Visste du at 11 av 27 av årets traineear møtte arbeidsgjevaren sin på karrieremessene? Messene er ein unik arena for å treffe bedriftene i ein uformell setting. Fleire av bedriftene tek også speedintervju der og då, for å danne seg eit inntrykk av potensielle arbeidstakarar.

Frå karrieremesse til fast jobb – NVE har tilsett fire personar på karrieremesser dei siste to åra! Les artikkelen her.

 

Under kan du sjå filmen om kvifor bedriftene kjem for å treffe nettopp deg!