Marita Vindedal

Skriven 28.09.2018 under Trainee

Utdanning

Eg er utdanna dataingeniør frå Høgskulen på Vestlandet.

Traineestilling

Eg er trainee innan webutvikling i bedrifta Highsoft AS i Vik i Sogn. Der jobbar eg med generelt vedlikehald av web-sider, vidareutvikling av funksjonaliteten på desse, og migrering av innhold frå gamalt til nytt innhaldshandteringssystem.

Difor søkte eg traineestillinga

Grunnen til at eg valde å søke trainee-stilling var at eg ser på det som ein spennande moglegheit å få tre inn i arbeidslivet på, med god oppfølging. Å få jobbe i heimfylket var også noko av det som lokka. Eg gler meg til å få bygge nettverk med fleire andre nyutdanna i fylket og til å få utveksle erfaringar med dei.  Eg håpar også på å utvikle meg personleg og få moglegheita til å lære mykje spennande innanfor mitt fagfelt.

Refleksjonar rundt karrieremoglegheitene i Sogn og Fjordane

Etter å ha vore på fyrste samling verkar det som karrieremoglegheitane i fylket er mange. Nokre kommunar er flinkare enn andre på å synleggjere seg. Eg var ikkje klar over kor mange spennande bedrifter som eigentleg eksisterte i heimfylket før eg deltok på karrieremessa i Bergen. Eg ynskjer å bli i fylket. Jobben eg har treff interessefeltene eg har innanfor faget. Eg er i tillegg altfor glad i fjordutsikt og fjelltoppar og ein køfri kvardag til å kunne flytte tilbake til byen.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.