Mariel Holmøyvik Starheim

Skriven 28.09.2018 under Trainee

Utdanning

Siviløkonom

Traineestilling

Eg er tilsett som trainee i Bano-gruppen innan økonomi/regnskap. Der skal eg jobbe med rekneskapsrapportar, månedsavslutningar, innkjøp og logistikk, prosjektregnskap og diverse andre oppgåver relatert til økonomi.

Difor søkte eg på traineestillinga

Eg valde å bli trainee gjennom Framtidsfylket fordi eg trur det vil gje meg eit godt innblikk i næringslivet i Sogn og Fjordane, det vil hjelpe meg å bygge nettverk på tvers i næringslivet og som trainee vil eg få moglegheit til å bli kjend med ulike forretningsområde i eiga bedrift. Dessutan dukka det opp ei traineestilling i ei bedrift som eg tykkjer er svært spennande, og det var avgjerande for min del.

Forventningar

Forventningane eg har til dette året er å bli betre kjend i eige fylke på fleire måtar både geografisk og i næringslivet. Eg forventar å få innblikk i mange ulike delar av Bano-gruppen, bli kjend med nye folk samt utvikle meg sjølv både personleg og fagleg.

Karrieremoglegheitene i Sogn og Fjordane

Karrieremoglegheitane i fylket er mykje større enn eg faktisk trudde. Etter berre ei traineesamling har eg fått erfare at det er utruleg mange spennande bedrifter i Sogn og Fjordane. Her er bedrifter som er ei leiande i sine marknadar både nasjonalt og globalt, innovative bedrifter, gründerbedrifter i stor utvikling og eit bredt spekter av fagområde mellom bedriftene. Det finst ei rekke spennande stillingar der ute berre ein ser seg litt om. Eg ser absolutt for meg å kunne ende opp med ei stilling som passar både mitt interesseområde og fagområde godt. Bano-gruppen er ei svært spennande bedrift beståande av tre selskap som alle er i utvikling og eg gleder meg til å følge med i tida framover som trainee.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.