Må klype seg i armen av Univerket dei skapar

Skriven 10.04.2019 under Nyheiter

Oppdraga har tikka inn etter at Trude (41) og Heidi (32) starta designbyrå i Førde. Litt startvanskar følgde likevel med då transportkonsernet NSB brått endra namn til Vy.

– Ja, den såg vi ikkje komme. Vi har vore gjennom ein grundig namneprosess og var så vidt begynt å etablere oss som Vy Designlab AS. Det var difor kjipt at NSB landa same namnet nokre månader seinare. Dette vart så mykje større enn oss og vi føler ikkje lenger same eigarskap til namnet. Sidan vi er heilt i startfasen nyttar vi høvet til å ta eit steg tilbake, tenke nytt og skape ei merkevare som berre er vår. Vi har difor valt å bytte namn, forklarar Trude Tenold, dagleg leiar og grafisk designar i bedrifta.

Vy Designlab blir til Univerket

Etter nok ein grundig design- og namneprosess har dei bytta namn til Univerket AS. Namnet spelar blant anna på ord som Unikum, «det som det berre finst eitt eksemplar av», skreddarsaum, handverk og univers.

– Univerket er vårt eige, kreative univers. Vi er opptatt av å skape løysingar tilpassa kvar enkelt merkevare eller kunde. Det finst utallege løysingar der ute, men vi jobbar fram den vi meiner er rett for kunden, forklarar Heidi Kårstad Gloppen, medgründer og grafisk designar, om tanken bak det nye namnet.

Jobbar til kunden er fornøgd

Om ein ser vekk frå namnebyttet, har det ferske designbyrået hatt ein svært god start. Dei fekk blant anna jobben med å designe ordførarsmykket til nye Sunnfjord kommune.

– Då vi bestemte oss for å starte for oss sjølv, var vår største bekymring at vi ikkje skulle få nok oppdrag. Heldigvis har det tikka inn jamt med jobbar, og vi har hatt nok å gjere frå dag éin. Ordførarsmykket var ein god start, seier Heidi.

Godt rykte og nettverk er nokre av grunnane til at oppdraga nærast har kome av seg sjølv.

– Vi har begge alltid jobba hardt for at kunden skal bli fornøgd. Vi er lidenskapeleg interesserte i design og veit at det vi leverer er solid handverk. Samtidig ser vi at det er behov for tenestene våre, seier Trude, som var kollega med Heidi i Rein Design dei siste fem åra før dei starta for seg sjølv.

Fint å vere gründer i Sogn og Fjordane

Heidi har bachelor i Graphic Arts og master i Future Design frå Teesside University i England, og Trude har bachelor i visuell kommunikasjon ved Kunsthøgskolen i Bergen (no KMD), samt kunsthistorie, medievitskap og webdesign. Begge har tittelen senior grafisk designar og har alltid hatt ein draum om å starte eige byrå.

– Førde og Sogn og Fjordane er ein god stad å starte for seg sjølv. Det er lett å få oversikt over marknaden, billegare husleige og færre konkurrentar enn i storbyane. Og latterleg enkel kvardagslogistikk, smiler Heidi.

– Med romslege fine lokale midt i sentrum, gangavstand til jobb og moglegheit for å styre dagen etter familielivet, har vi ein befriande fleksibilitet, legg Trude til og kan vise til ideell plassering mellom elva Jølstra og Kunstmuseet i gamle posthuset i Førde.

Kult med eige byrå

Det er når dei kan bruke tida på å skape god design, vere kreative og leike med visuelle uttrykk dei trivst aller best. Men gründerlivet krev meir enn det.

– Vi brukar mykje tid på administrering. Det er mykje praktisk som må på plass som tar tid og fokus. Vekene flyr, og innimellom må vi klype oss sjølve i armen og tenke litt på at det er ganske kult, det her. At vi har starta vårt eige designbyrå, ler Heidi.

– Ja, pengane som står på konto er det faktisk vi som har produsert, ler Trude.

Dei er glade for at ting no er meir på plass og at dei framover kan konsentrere seg om god design.

– Vi opplever at marknaden i Sogn og Fjordane ser verdien av god design og at det kan hjelpe dei med å utmerke seg, forklarar Trude.

Vil bidra til det kreative miljøet

Framover har designarane mange spennande planar. Men dei vil ikkje røpe for mykje.

– På sikt vil vi gjerne ha fleire kollegaer. Det er mogleg at vi startar med å ta inn ein trainee. Og så har vi tankar om ting vi har lyst til å få til, seier Heidi hemmelegheitsfullt.

– Vi ønsker å bidra til det kreative miljøet i Sunnfjord. Akkurat kva vi meiner med det må de berre vente og sjå, avsluttar dei smilande.

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.