Lokal digital ekspertise styrker framtidsfylket.no

Skriven 16.09.2016 under Nyheiter

Når Framtidsfylket no lanserer ei ny og betre heimeside for jobbsøk og rekruttering, så er det ekstra stas at ekspertisen er her i Sogn og Fjordane. Vi har valt å samarbeide med Mediebruket som held til i Førde, og som har mange store nasjonale selskap i sin kundeportefølje.

Den nye nettstaden til Framtidsfylket har nye oppgraderte tekniske løysingar som skal gjere verkøya for match mellom arbedeistakarar og arbeidsgjevarar enno enklare. Målet med heile oppgraderinga har vore å kunne tilby ein meir brukarvenleg løysing for alle brukarane av framtidsfylket.no, anten dei er privatpersonar eller bedrifter. Nettstaden er ein viktig arena for Sogn og Fjordane, og er ein eigen digital møteplass mellom dei som søkjer spennande jobb, og dei som har jobb å lyse ut.

Ved første augekast liknar nok dei nye nettsidene på den gamle, for vi har ikkje denne gongen hatt fokus på endring av det visuelle uttrykket.  Vi har vektlagt forenkling av funksjonane, og det som møter innlogga brukarar på «Mi side». Vi er godt nøgd med den nye løysinga så langt, og opplever at den er meir fleksibel, og gjev betre samhandling mellom jobbsøkjarar og arbeidsgjevarar, seier dagleg leiar i Framtidsfylket, Gro Rukan. Ho seier samstundes at dette er starten på ein utviklingsprosess, og at sida vil utviklast vidare også i åra som kjem. – Den digitale verda er i stadig utvikling, og det må vi også vere skal vi nå målgruppa vår, understrekar ho.

 

– Sidan systemet er nytt, så kan vi ikkje garantere at det ikkje vil oppstå småfeil i starten. Men, sidan våre brukarar har ein felles kjærleik til Sogn og Fjordane reknar eg med forståing for dette, og at alle vil ta ansvar for å melde inn evt feil slik at Mediebruket raskt kan fikse dette opp. I tillegg håpar eg at dei som har ytterlegare tankar om forbetringar vil tipse oss, seier Gro Rukan.

 

Den nye nettsida vil vere eit mykje betre verktøy for dei som ønskjer å bu og arbeide i Sogn og Fjordane, og dei som har jobb å tilby. – Vi er svært glade for å kunne ta i bruk ein ny og framtidsretta plattform for dei digitale tenestene våre, seier Rukan.

 

– Mediebruket vart starta i 2009, og det er litt artig at i Mediebruket sitt kundesystem ligg Framtidsfylket som kunde nr. 1, fortel dagleg leiar Arild Finne Nybø. Mediebruket tel i dag seks tilsette, og har spesialisert seg på skreddarsydde nettløysingar. Dei utviklar alt frå små enkle heimesider, til store og avanserte digitale verktøy for kundar i heile landet.

 

– For sju år sidan hadde vi ikkje eiga utviklingsavdeling, og då hjalp vi Framtidsfylket med å skrive kravspesifikasjon og innhente tilbod frå andre. Når no Framtidsfylket hadde bestemt seg for å byggje heile løysinga si på nytt, i staden for å byggje vidare på den forrige løysinga, så tykkjer vi det er stor stas og ei ære at valet fall på oss, avsluttar Arild Finne Nybø i Mediebruket.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.