Loen Active

Skriven 16.10.2015 under Nyheiter

Loen Active tilbyr sykkelutleige, trøbåtutleige, guida fjellturar, motbakkeløpet Skåla Opp og ikkje minst spektakulære Via Ferrata Loen.

Lengste Via Ferrata brua i Europa
– Via Ferrata Loen er noko heilt for seg sjølv fordi vi startar nede ved fjorden og endar på Hoven tusen meter høgare. I kombinasjon med andre fjellturar her i området, trur eg vi har skapt eit unikt pakketilbod. Nokre går Skåla eller Lodalskåpa ein dag, og Via Ferrata dagen etter, og så kan ein ete god mat på moderbedrifta Hotel Alexandra og kose seg om kvelden, fortel Brendefur.

Klatrestien opp til Hoven blei bygd i 2011, og opna året etter, og i 2013 kom Gjølmunnebrua som med sine 120 meter er den lengste Via Ferrata brua i Europa. Den heng 160 meter over bakken og er 35 cm brei og set verkeleg prikken over i’en for dei som tek denne turen, ifølge Brendefur sjølv.

Tredobling kvart år
– I fjor hadde vi 1930 personar som gjekk turen med guide. Reknar ein med dei som berre leiger utstyr kjem talet opp i 5000. Frå vi starta opp desse turane har vi sett ei tredobling kvart år, fortel Brendefur.

Planen framover er at det skal byggjast ei eiga rute berekna på barn, og eit leirområde der barnefamiliar kan kome seg ut i naturen og gå ei enklare klatreløype. I tillegg trekk han fram den planlagde pendelbana som positivt trekkplaster, sjølv om den ikkje høyrer direkte til Loen Active.

– At noko slikt kjem på plass vil sjølvsagt vere positivt for heile Loen. Saman skaper vi gode synergiar som vi alle kan få utbyte av. Vi satsar på å vere best blant anna med godt opplærde guidar, og å vere eit supplement til kva turistane har å velje mellom slik at det blir eit breiddetilbod, seier Brendefur.

God erfaring for studentar
Fleire av dei tilsette førarane er studentar frå høgskulen i Sogndal og Volda som vil ha erfaring innan guiding eller friluftsliv.

– I tillegg har vi mange som har dette som jobb nummer to, og felles for alle er at dei likar å vere ute i naturen, og når dei i tillegg kan få betalt for det, blir jo det ein fin bonus, smiler Brendefur.

Bedrifta kom i fjor ut med eit overskot på 1,3 millionar før skatt, og Brendefur meiner dei får igjen for det dei investerer i utstyr og kursing av personale.

– Vi vil vere best på tryggleik ved å ha gode førarar og ein godt vedlikehalden via ferrata, og samstundes investere i vidareutvikling for å ha nye tilbod til dei som allereie har gått turane. På denne måten blir vi endå betre og turistane kjem tilbake, seier Brendefur.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.