Livet på traineesamling: Sogn

Skriven 15.03.2020 under Nyheiter, Ukategorisert

Tre fantastiske dagar i Sogn gav årets traineekull innsikt i eit yrande næringsliv, gode erfaringar og ikkje minst kjekke opplevingar!

Mandag: Sitep, Hydro Technologies, NorSun og Sogndal Fotball

Startskuddet for samlinga gjekk på mandagsmorgonen i Øvre Årdal. Tross enkelte navigeringsproblem i hittil ukjente vegar i Indre Sogn, endte samtlige trainear på kontoret til Sitep. Dei kunne vise korleis dei legg til rette for innovasjon og samarbeid mellom næringsliv og akademia. Omvisning vart også gitt på øvingsfabrikk og teknologilaben deira.

Eit raskt sceneskifte gav plass til Hydro Technolgies som kunne fortelje om ei verksemd i Hydro som for mange var heilt nytt. Der mange såg på Hydro som berre industri for aluminum, kunne teknologidirektør Johannes Aalbu gjere greie for ei enorm digitalisering og utvikling innan teknologi i Hydro. Siste besøk i Årdal kommune gjekk til solenergiselskapet NorSun. Traineane fekk innsikt i ein miljøvennlig og framtidsretta bedrift i stor vekst. Tilbakemeldingane fra dei besøkande var positive, då dei visste lite om kva som låg heilt innerst i Sognefjorden av spennande næringsliv.

På Fosshaugane Campus venta dagleg leiar i Sogndal Fotball, Rasmus Mo. Han tok med gjengen bak gardinene på eit unikt samarbeidsprosjekt mellom næringsliv, høgare utdanning, lokal befolkning og Sogndal Fotball. Som motivatoren og inspirasjonskjelda han er, lot han det smitte over på gjestane (om det er lov å seie) med eit livleg foredrag på slutten av besøket i hjartet av Sogndal. 

Deretter bar turen til Timblalodgen og Hodlekve ved Sogndal Skisenter. Her fekk dei unge og lovande prøve seg i kokkekamp med lasagne på menyen. Om sjølv Hellstrøm hadde tatt turen til den flotte hytta på kveldinga, hadde han nok servert gullstjerner til begge lag. 

Tirsdag: Personleg utvikling, erfaringsutveksling, uteaktivitetar og storfint besøk

Etter ein velsmakande frokost, fekk gruppa besøk av to gode bidragsytarar i Trude Ramstad og Per Øyvind Sørbø. Formiddagen gjekk til gruppearbeid og samtalar innanfor personleg utvikling, før det gjekk over til å dele erfaringar og utfordringar frå livet på jobb og utanfor. Etter lunsj kom nederlenderen Rogier van Oorschot frå Norway AdvenTURes køyrande inn innkjørselen i ein nederlansk-oransje varebil. Med praktiske samarbeidsoppgåver måtte rollefordeling og koordinasjon vere på topp for å kome fram til best mogleg løysing. På ettermiddagen vart det også litt tid til overs for å jakte pudder i skitrekket. Noko fleire greip moglegheit til å gjere. På kvelden fekk traineekullet besøk av Sogndal motoren-Rolf Navarsete og kommunalsjef for oppvekst i Sogndal kommune, Ole Gunnar Krakhellen. Dei holdt engasjerende foredrag under middagen og koste seg i godt selskap.

Onsdag: Workshop og heimtur

Siste dag på samlinga var også den kortaste, men likevel svært nyttig. Traineane tok turen til Fosshaugane Campus kor Innovasjon Norge – Vestland venta med ein workshop. Med bærekraft og miljø som tema, fekk dei frammøtte verkeleg brukt hjernen til å tenkje ut tiltak for å minske forurensing og forsøpling, samt betre miljøet.

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.