Lidenskap for møbel, kvalitet og stil?

Skriven 06.09.2019 under Nyheiter

Vil du vere med å bestemme utvalet til ei av Norge sine største møbelkjeder?

Visste du at Fagmøbler sitt hovudkontor ligg på Sandane i Sogn og Fjordane? Møbelkjeda som har 63 butikkar frå Finnmark i nord – til Agder i sør, ønsker no å utvide drifta. Dei er derfor på jakt etter deg som er lidenskapeleg oppteken av møbel, kvalitet og stil.

I dei flunkande nye og oppussa kontora på Sandane får du moglegheita til å jobbe i eit hektisk arbeidsmiljø med famnar om ei rekke ulike kompetanseområde. På kontoret er det nemleg eit djupt spenn i både alder og arbeidsoppgåver blant medarbeidarane. Dette gjer at du får ei unik moglegheit til å utvikle deg og ta til deg ny kunnskap frå fagleg sterke kollegaer.

Som innkjøpar blir du satt i team med to andre frå bedrifta på feltet. Vidare vil du få ditt eige arbeidsområde, kor du er med på innkjøpsprosessane frå start til slutt. Som ein vekstvinnar dei siste fire åra, har Fagmøbler fått eit sterkt merkenamn i bransjen. No ønsker dei å ta større steg, og kanskje er det nettopp deg som er riktig person til å gjere det?

 

Vil du gjere ein forskjell og bli ein del av ei bedrift på ei spennande reise inn i framtida?

Sleng inn ein søknad!

 

Fristar ikkje akkurat denne stillinga for deg? Det gjer ingenting! Sjekk ut alle ledige stillingar i Sogn og Fjordane HER.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.