Tok med seg erfaringane frå Framtidsfylket i leiarjobb

Skriven 01.10.2018 under Nyheiter

Vegard Åstebøl Larssen (37) er dagleg leiar i Stadt Towing Tank. For ti år sidan var han med i Framtidsfylket sitt traineeprogram.

Selskapet er plassert i Måløy og er eit hydrodynamisk testanlegg som leverer tenester til den maritime bransjen. Vegard, som opphaveleg er frå Kløfta, kom til kystbyen som nyutdanna sivilingeniør frå NTNU med ei mastergrad i teknisk kyberteknikk.

– Det var miljøet i Måløy som først og fremst gjorde at eg ville jobbe i Sogn og Fjordane. Her er det sterk satsingsvilje og rivande utvikling innan dei fagfelta eg jobbar med.

Han var med i forprosjektet til Stadt Towing Tank då han kom med i traineeprogrammet.

– Som ganske fersk i fylket gav det meg mykje å treffe andre som var nyutdanna og i same situasjon som meg. Vi utveksla erfaringar og utfordringar og vart ein fin gjeng allereie første kvelden vi samlast.

Personleg utvikling på programmet

I tillegg til å bygge nettverk og å bli kjent med næringslivet i fylket, er personleg utvikling ein viktig del av traineeprogrammet.

– Eg hugsar at vi hadde øvingar med ein psykolog som utfordra oss på det personlege plan. Der og då tenkte eg det var ganske irriterande og ukomfortabelt, men det eg lærte har eg hatt med meg og brukt sidan, fortel han, og er glad for at han vart utfordra på samlingane.

– Vi vart blant anna utfordra til å halde presentasjonar og å by på oss sjølv. Då var det trygt å vite at alt som vart delt, det vart i gruppa. Og eg veit no at eg vaks på det.

Han har også hatt nytte av å bli kjent med næringslivet i fylket.

– Som tilflyttar var det både spennande og nyttig å få reise rundt i fylket og besøke stadar og  bedrifter. Vi var innom både Stryn, Dale, Stadt og Kalvåg for å få innblikk i kva som rører seg i næringslivet i Sogn og Fjordane.

Det er her det skjer

I dag er han godt etablert i Måløy og ser for seg ei framtid her. Som leiar vurderer han å sjølv ta inn ein trainee neste år.

–  Vi har ikkje tid til å rekruttere og å marknadsføre traineestillingar. Då er Framtidsfylket sitt program eit godt opplegg for å få tak i kvalifisert arbeidskraft. Bedriftene konkurrerer om nyutdanna, og det er typisk at teknologistudentane sjølv ønsker seg til gigantar som Statoil og Veritas. Eg meiner det er vel så gode moglegheiter innan høgteknologi  i små bedrifter i distrikta, og kanskje betre. Det er jo her det skjer! Akkurat det er det viktig å synleggjere, avsluttar han.

Vegard Åstebøl Larssen (37) er dagleg leiar i Stadt Towing Tank i Måløy og tidlegare trainee i Framtidsfylket.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

.