Ledige jobbar i trivselsfylket!

Skriven 2018-10-25 under Nyheiter

Desse stillingane har dukka opp siste veka. Noko for deg?

Sogn og Fjordane fylkeskommune har lansert tre ledige stillingar, og her er det mykje spennande.

Har du utdanning innan kunst eller kulturfag? Då kan dette vere jobben du drøymer om, for dei ser nemleg etter ein rådgjevar/seniorrådgjevar på kultur. Du får jobbe med fleire interessante oppgåver, som rådgjeving, sakshandsaming og prosjektarbeid innan kunst og kultur.

Dei ser også etter spesialbibliotekar/rådgjevar, og du får blant anna den spennande oppgåva med å utvikle litteraturformidlinga i fylket.

IKT drifts- og utviklingstenesta har behov for ein fagarbeidar i Nordfjord, og om du har fagbrev som dataelektronikar eller IKT-servicemedarbeidar, skal du sjå nærare på den.

Havyard Ship Technology er lokalisert med skipsverft i Leirvik i Sogn og har publisert to ledige stillingar. Dei ser etter industrimekanikar og operatør på brennemaskin. Her skjer det mykje for tida, så det er berre til å søke!

Flåm AS er ein av Noregs leiande reiselivsaktørar, og no har dei ledig stilling som leiar for front operations i kundesenteret. Som den rette kandidaten kommuniserer du godt og brenn for å vere med på å utvikle unike reiselivsopplevingar.

Ved NAV i Bremanger er det behov for ein jobbspesialist, og dei ser etter deg og som er ein dyktig relasjonsbyggar med initiativ, engasjement og entusiasme.

Vi minner også om at Highsoft har to kule stillingar ute:

Sjå alle våre ledige stillingar her.