Ledige jobbar i desember

Skriven 06.12.2018 under Nyheiter

Hallo, Sogn og Fjordane! Ute etter ny jobb? Då skal du ta deg ein tur innom jobbportalen til Framtidsfylket.

Her finn du blant anna fire ledige stillingar og ei traineestilling hos sjømatselskapet Coast Seafood as. Konsernet har i dag ca 150 tilsette som
er fordelt mellom hovudkontoret i Måløy og avdelingar i Bergen, Haugesund, Dubai (UAE) og Boston (USA). Dei ser etter:

Ledig stilling Gloppen

Gloppen kommune vart i 2015 kåra til Norges nest beste kommune å bu i. Akkurat no har dei fleire ledige stillingar:

Turistselskapet Flåm as legg til rette for reiser og mektige opplevingar i Flåm og omegn. No tilbyr dei ein spennande stilling i ei næring i sterk vekst: Teamleiar kundesenter (booking). Søknadsfrist er 20.12.2018.

Nordplan as er inne i ei positiv utvikling med aukande oppdragsmengd, og søkjer difor etter folk i både Nordfjordeid/Ålesund og Førde. Dei ser etter erfarne VA-ingeniørar til Nordfjordeid/Ålesund og ein erfaren byggeleiar/prosjektleiar til avdelinga i Førde.

Sist, men ikkje minst har vi lyst ut over 30 traineestillingar i Sogn og Fjordane. Om du er nyutdanna og ønsker ein god start på karrieren, skal du sjå nærare på dei.

Dette var berre eit lite utval av ledige stillingar i desember, og på jobbportalen vår finn du alt frå ledig stilling som badevakt til jurist og lærar.

God jobbsøking!

 

 

 

 

 

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.