– Lærerikt, utfordrande og veldig gøy!

Skriven 06.07.2015 under Nyheiter

Vi har spurt tre av våre traineear kva dei sit igjen med etter eitt år i Sogn og Fjordane.

Traineeane har i løpet av året hatt samlingar i Smørhamn, Bygstad, Sogndal og Hoddevika. I tillegg til å bli kjend med verksemder over heile fylket, har fokuset for samlingane vore personleg utvikling og nettverksbygging mellom traineeane. Eit anna høgdepunkt er utanlandsturen til Brussel, der traineeane fekk besøkje EU-kommisjonen, EFTA, Parlamentet, Vest-Norges Brusselkontor, Statoil og Bellona.

– Samlingane har vore det beste med heile året. Vi har hatt fire fantastiske samlingar over heile Sogn og Fjordane, ein strålande utanlandstur, og den fine kombinasjonen av det sosiale og det faglege har gitt meg mykje, seier Christian Albertsen.

Tromsøværingen hadde aldri vore i fylket før han fekk jobb som trainee i NHO.

– Før eg kom hit, visste eg ingenting om kva mulegheiter som var her.  Eg hadde nok den same oppfatninga som mange utanfrå fylket har – at her er fint, flott natur, tradisjonsrikt, men eg visste veldig lite om næringslivet. Og det er kanskje det eg har blitt mest positivt overraska over. No ser eg mulegheiter overalt. Spennande arbeidsplassar, regionar med enormt potensial og store mulegheiter for gründerskap og framtidsretta næringar, seier Christian.

Bratt karrierestige
Dei skjulte skattane i næringslivet har overraska dei alle. Lill Midthjell har vore trainee i Melin Medical, og er einig i Christian sine refleksjonar.

– Hadde du spurt meg for eitt år sidan, ville eg sagt at det var uaktuelt å flytte til Sogn og Fjordane. Men etter å ha vore her eit år og sett kva som rører seg av spennande verksemder, menneske og idear, så er det blitt heilt naturleg å tenke at det er her framtida mi er, seier Lill. Dei trekkjer begge fram fordelane med å starte karrieren i Sogn og Fjordane.

– Eg trur at det største forskjellen på å starte karrieren her kontra i ein storby, er at ein i mykje større grad blir sett. Man får raskt ansvar, og ein kjem raskt inn i stillinga, seier Christian.

– Då eg søkte traineestillinga, søkte eg eine og åleine på grunn av jobben, og ikkje på grunn av staden. Eg hadde nok ei formeining om at Sogn og Fjordane kunne vere litt kjedeleg, at ingenting skjedde der. I løpet av året har det endra seg. Eg trur mulegheitene her er mykje større enn i storbyane. Ein møter opne dører, det er kort veg til beslutningstakarane og ein treng ikkje ha så spisse albogar for å kome seg opp og fram, legg ho til.

Kva no?
Traineeåret er omme, og traineeane skal no ta fatt på nye oppgåver. Christian reiser i august til Kina for å studere entreprenørskap, medan Lill held fram i Melin Medical. Birte Tuxen Bø har vore trainee i Sogn og Fjordane fylkeskommunen, og fekk fast stilling i næringsavdelinga etter endt traineeår.

– Å vere trainee er ein mjuk inngang til arbeidslivet. Ein får ein spennande jobb, god oppfølging både på arbeidarbeidsplassen og på traineesamlingane, og eit fantastisk nettverk med dei andre traineeane. Kort oppsummert – lærerikt, utfordrande og veldig gøy. Draumen er sjølvsagt å sitje igjen med ein fast jobb etter traineeåret, og det var eg så heldig å få, seier Bø.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.