– Kvifor heiter ikkje alt berre Nordfjordeid?

Skriven 30.12.2019 under Nyheiter, Ukategorisert

Jentene som satt Nordfjordeid på kartet er triste over at namnet no skal forsvinne. Det er mykje som skulle vore annleis om dei fekk bestemme.

Det har snart gått fire år sidan Vilde og Anna sjarmerte Norge i senk, og vann finalen i Melodi Grand Prix Junior med sangen «Vestlandet». Ein sang som ein på mange måtar kan sjå på som ein hyllest til heimplassen og heimfylket til jentene.

«Du har alltid ønskt å flytte, vekk den dagen du blir stor. Men den plassen som du bur på, er den finaste på jord».

Det er liten tvil om at dei faktisk meiner det dei synger. Jentene boblar nesten over av entusiasme når dei snakkar om heimbygda si.
– Eg har alltid meint at eg må ut og studere, men eg er heilt sikker på at eg kjem til å bu på Eid når eg blir eldre. Det er eg faktisk 100 prosent sikker på. Eller, 99 prosent kanskje, seier Anna.

Vilde seier seg einig i det.

– Det einaste som dreg meg vekk herfrå er butikkane. Akkurat det tilbodet kan vi ikkje skryte av her, seier ho lattermildt.

Verdas finaste namn 

Neste år slår heimkommunen Eid seg saman med Selje, og det nye namnet blir Stadt. Eit namn jentene ikkje heilt klarar å identifisere seg med.

– Kvifor skal det heite Stadt, liksom? Det er kjedeleg og det er ein annan plass som heiter det. Då hadde det i så fall vert betre med Nordfjordeid, det er jo verdas finaste namn, ler Anna.

Manglar E og T

Heller ikkje namnet «Vestland», som frå 2020 er det nye namnet til Sogn og Fjordane og Hordaland, klarar å kapre ein plass i Nordfjord-patriotane sine hjarter.

– For det første manglar namnet to bokstavar. E og T. VestlandET burde det heite. Det passar betre til songen vår.

Dei heimkjære jentene ler begge to.

– Nei då, det er ikkje så viktig for oss kva det heiter. Det er alltid så mykje styr med kva noko skal heite. Det er eit namn liksom, det er ikkje så viktig. Vi kjem alltid til å vere frå Nordfjordeid i Sogn og Fjordane.

Alltid vestlending

«Du kan oppleve ein masse, du kan lære nye ting. Men innerst i ditt hjerte er du alltid vestlending».

«Vestlandet» har per i dag 5.7 millionar avspelingar på Spotify, og den er fortsatt svært populær. Duoen trur at suksessen for låta er fordi mange identifiserer seg med den.

– Den er samlande, på ein måte. Spesielt folk frå Sogn og Fjordane har ein eigen stoltheit ovanfor heimfylket, og songen underbygger den stoltheita.

Det største dei har opplevd 

Dei har begge vokse opp på Nordfjordeid og seier dei har gode barndomsminner knytt til det, og dei dreg fram Malakoff-festivalen som høgdepunkt om sommaren.

– Vi fekk vere med då vi var små og det var kanskje der musikkinteressa oppstod. Vi fekk høyre musikk frå alle sjangrar og fann ut kva vi likte. Det er også uendeleg mange gode familieminner knytt til Nordfjordeid og kommunane rundt.

Likevel er det eitt minne dei vil trekke fram som noko av det største dei har opplevd.

– Då vi kom heim etter å ha vunne MGPjr. Det var så mange folk som støtta oss. Det var heilt vilt! Då vi kom heim til Vilde og det sto folk med faklar. Operahuset i Nordfjord var stappfullt av folk. Dei laga til ein fest, berre for oss. Det var heilt utruleg rørande.

Jentene har no rukke å bli 15 og 16 år gamle og går fortsatt på skule i heimkommunen. Fram mot sommaren skal dei fokusere på skule, men dei røper at dei har nokre spennande ting på gong likevel. Akkurat kva det er vil dei ikkje røpe.

– Det er ikkje lansert enno, men vi kan seie at vi gleder oss veldig.

Kvar tysdag heile året samlast dei for å øve på musikken. Den har prega liva deira i alle år, og dei håpar dei kan få fortsette med det så lenge som mogleg.

Dritkjedeleg med vanleg jobb 

– Tenk kor heldige vi er som får lov til å gjere akkurat det vi vil. Vi får ha det kjekt og får betalt for det. Om vi ikkje hadde helde på med det her måtte vi jo ha hatt ein vanleg jobb. Det hadde vore dritkjedeleg, seier Anna.

– No berre kosar vi oss heile tida. Vi er veldig, veldig takknemlege for at folk i det heile tatt gidder å høyre på musikken vår. Men vi hadde nok hadde godt av å prøve ein vanleg jobb også, seier Vilde.

– Men kvifor skal vi ha noko anna, spør Anna. Vi har det jo midt i blinken no.

I riktig storfylke
Kva som skjer vidare når dei er ferdige på skulen er dei usikre på, men interessa for lovar og reglar er på plass hos begge.
– Eg trur eg vil studere juss i Bergen, men eg er veldig usikker. Det er vanskeleg å finne ut av kva ein eigentleg vil, seier Vilde.

Venninna seier seg einig i det.
– Det verkar skikkeleg kult å vere advokat. Det er kjekt å diskutere, men så er det så mykje skrivegreier, og det likar eg ikkje så godt. Men det er mykje skrivegreier dersom eg skal bli lærar, og det har eg jo også lyst til, seier ein litt tenkande Vilde.

Duoen er i alle fall einige i at dei vil til Bergen for å studere. Heldigvis for dei, for då er dei i alle fall i (det nye) heimfylket.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.