Kule jobbar i Sogn og Fjordane!

Skriven 28.09.2018 under Nyheiter, Ukategorisert

Går du med tankar om å bytte jobb? Kanskje er du nyutdanna og sjekkar ut ledige stillingar i Sogn og Fjordane?

PwC i Førde har heile tre ledige stillingar med søknadsfrist 13. oktober. Den eine er innan revisjon der dei oppmodar både erfarne og nyutdanna til å søkje. I tillegg er dei på jakt etter ein rådgjevar med minimum to års relevant erfaring og ein nyutdanna på masternivå som er ute etter ei rådgjevarstilling i eit spennande og utviklande fagmiljø.

NRK Nynorsk mediesenter søkjer etter engasjerte ungdommar som brukar nynorsk og vil bli journalistar. Her får du opplæring og praksis i journalistikk og nynorsk som mediespråk for nett, radio, fjernsyn og sosiale medium. Verdt å sjekke ut!

Innovasjon Norge har to ledige stillingar som finansieringsrådgjevar ved avdelinga i Sogndal. I den eine stillinga vil det vere eit særleg fokus på finansiering inn mot marin sektor, og fiskeflåta spesielt. Den andre stillinga vil arbeide med finansieringssaker og marknadsarbeid inn mot ulike næringar. Felles er at du må vere god til å utfordre og til å diskutere prosjekt og løysingar med kundar.

Er du god på koordinering og å sørge for framdrift i dei enkelte fasane av eit prosjekt? Flora kommune søkjer prosjektleiar ved Flora hamn KF med tilsetjing så snart som råd. Engasjementet varer til 31.12.2020, med høve for forlenging.

Sjå alle ledige stillingar her.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.