Kule jobbar i november!

Skriven 14.11.2018 under Nyheiter

Ein litt grå månad i Sogn og Fjordane, men mange fargerike jobbar på marknaden.

Vestlandsforsking får stadig fleire oppgåver, og søkjer difor nye medarbeidarar i administrasjonen. Dei har tre ledige stillingar:

Lyst til å vere med å utvikle Vestlandsforsking vidare? Søknadsfrist er 1. desember.

Stadpipe er blant landets fremste spesialistar på avanserte rørsystem til oppdrettsnæringa og landbasert industri. Dei held til på vakre Stadlandet, med sentral plassering for verdiskapinga langs Vestlandskysten. No har dei fleire ledige stillingar:

Har du erfaring innan havbrukssektoren og ønsker å arbeide i eit innovativt og spennande miljø? Då har næringsutviklingsselskapet Aksello ei stilling som bør interessere deg. Dei søker nemleg prosjektleiar innan havbruk. Dei er også på jakt etter ein forretningsutviklar som kan hjelpe grunderar.

Sogndal kommune ser blant anna etter speialpedagogar til Sogn PPT, og har forøvrig masse anna ledig om du leitar etter jobb i Sogndal.

Sist, men ikkje minst, er VI på jakt etter ein marknads- og kommunikasjonsmedarbeidar. Stillinga er eit vikariat, og oppstart er snarast råd. Vi i Framtidsfylket gler oss til å høyre i frå deg!

Alle ledige stillingar ser du her.

 

 

 

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.