Kristine Larsen Mjelde

Skriven 28.09.2018 under Trainee

Utdanning

Bachelor i økonomi og administrasjon frå BI Bergen og master i innovasjon og leiing frå Høgskulen på Vestlandet avd. Bergen.

Traineestilling

Eg er trainee i Fjord1 innan forretningsstøtte. Det vil seie at eg skal delta i prosjekt innan dei ulike støtteavdelingane i administrasjonen, økonomi, HR, IT, innkjøp og forretningsutvikling. Akkurat no tek eg del i fleire anbodsprosessar,  samtidig som eg er med å utarbeide budsjett for 2019. I tillegg til dette er eg delaktig i eit prosjekt om rapportering. I løpet at året skal eg innom prosjekt i alle avdelingane eg nevnte over, noko som gjer at eg vil få ei god oversikt over bedrifta, framfor å fordjupe meg innan eit fagfelt.

Difor søkte eg traineestillinga

Eg såg på det som ein unik mogelegheit å kunne starte arbeidslivet som trainee. Det blir tatt hensyn til at ein er nyutdanna og ein får tett oppfølging av både mentor og fagansvarleg. Som trainee gjennom Framtidsfylket blir ein også kjend med andre traineear, noko som gjer at ein kan dele erfaringar med kvarandre og bygge eit stort nettverk på tvers av heile fylket.

Forventningar

Eg trur det vil bli eit svært lærerikt og kjekt år, samtidig som eg er forberedt på at eg vil møte på ulike utfordringar. Eg ser fram til å bli utfordra både på kjente og ukjente fagområder, noko eg trur eg vil vokse mykje på. I tillegg til dette gler eg meg til å få eit større innsyn i kva fylket har å by på, særlig med tanke på karrieremogelegheiter.

Refleksjonar rundt karrieremoglegheitene i Sogn og Fjordane

Eg trur at karrieremogelegheitene i Sogn og Fjordane er mykje større enn kva folk flest trur. Sjølv var eg usikker på om eg ville finne ein jobb eg ville trivast i her, men no har eg innsett at det er noko eg ikkje treng å vere bekymra for! Eg ser fram til å bruke dette året på å utforske kva fylket har å by på.

Framtidsutsikter

No tek eg eit år av gongen og ser kva som skjer. Fram til no trivst eg med å ha flytta heim igjen til Florø, og eg ser absolutt på Fjord1 som ein arbeidsplass eg kunne tenke meg å ha lenge.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.