Knallstart på it-karrieren? Prøv eit år som trainee på Vestlandet!

Skriven 19.02.2019 under Nyheiter, Ukategorisert

Framtidsfylkets traineeprogram søker fleire ikt-utdanna. Året i Sogn og Fjordane kan bli ditt livs beste!

Sogn og Fjordane har mange spennande teknologibedrifter i vekst, og fleire av dei ser no etter ein trainee. Om du ønsker ein knallstart på karrieren i Norges råaste fylke, skal du sjekke ut Framtidsfylkets traineeprogram for 2019/2020. Her er lista over dei som søker it-utdanna:

  • Highsoft i Sogn søker ein webutviklar som likar å leike med ny teknologi. Du er ein lagspelar som trivst i eit pulserande, internasjonalt og innovativt miljø, og programmering er din lidenskap. Meir om stillinga og korleis du søker finn du her. 
  • Tibber er verdas første heildigitale straumselskap og skapar appen som automatisk handlar beste prisar på straum og brukar kul teknologi for å redusere forbruket. Dei held til i Førde i eit heilt nytt og moderne co working space, Peak Sunnfjord, saman med andre teknologibedrifter. Dei søker eventyrlystne oppdagarar, nerdete spesialistar og deg som kan skape vanvittig gode opplevingar for kundar. Meir info her.
  • Intin jobbar mot å bli leiande på ny smarthusteknologi i Norge, og no ser dei etter ein Trainee innan smarthusteknologi! Traineestillinga innebærer at du skal vere Early Adaptor på ny teknologi og teste ut nye løysingar. Dei held også til i co working spacet Peak Sunnfjord.
  • Kunne du tenke deg å jobbe for Direktoratet for forvaltning og ikt? Difi i Sogn søker ein Trainee innan ikt. I tillegg til spennande faglege utfordringar lokkar dei med fleksibel arbeidstid og kortreiste friluftseventyr i kvardagen, som puddersnø og sykkelstiar i fantastisk natur!
  • Webmegling er ei ny og ung bedrift som satsar stort på teknologi for eigedomssal i samarbeid med avdelingskontoret i New York. Om kombinasjonen programvare, marknadsføring, eigedom og arbeidsreiser til New York freistar, skal du søke på stillinga som Trainee: Utviklar. Du vil ha kontorplass i Peak Sunnfjord.
  • SFE er den største energileverandøren i Sogn og Fjordane og held til på Sandane i Nordfjord. Dei søker ein Trainee innan digitalisering og ikt. Om du likar tanken på å jobbe i eit konsern, samtidig som du har vill natur og eit heftig friluftsliv rett utanfor vindauget, skal du sjekke ut traineestillinga i Sogn og Fjordane Energi!
  • Enivest er den største kommunikasjonsaktøren i Sogn og Fjordane med hovedprodukta internett, datakommunikasjon, TV, video og telefonitenester. Du vil jobbe i eit stort og innovativt miljø i Førde, og kan velje mellom to traineestillingar der du kan prøve deg innan fleire fagfelt: Sikkerheitsanalytikar eller Forretningsutvikling.
  • Sunnfjord Energi ser etter deg som kan utvikle energiselskapet vidare innanfor analyse og digitalisering! Som Trainee innan analyse og utvikling får du spennande oppgåver innan dataanalyse, programmering, statistikk, teknologi og digitalisering i ein bransje i rivande utvikling.
  • Sparebanken Sogn og Fjordane er den åttande største banken i Norge og satsar stort på teknologi og digitalisering! Som Trainee innan fleire fagfelt får du blant anna arbeide i ei stor utviklingsavdeling i eit hyggeleg og uformelt miljø.
  • Melin-konsernet er ein internasjonal leverandør av betalings- og administrasjonsløysningar. I meir enn 10 år har dei  stått i spissen for digital innovasjon innan helse og trening i Skandinavia. No ser dei etter to Trainear innan fleire spennande fagfelt, blant anna Programmering og CRM-utvikling. Hovudarbeidsstaden er Sandane eller Førde.
  • Lyst på ein unik karrierestart i eit stort internasjonalt selskap? Coast Seafood sitt hovudkontor i Måløy søker ein Trainee innan fleire spennande fagfelt, blant anna IT, logistikk og marknadsføring. Du får jobbe i ei av dei viktigaste næringane i Norge – sjømat, i ein dynamisk og variert arbeidsdag. Nemnte vi at du vil bu i nærleiken av Norges finaste strand?
  • Ikkje it-utdanna? Her kan du sjå alle traineestillingane. 

Du kan søke på så mange stillingar du vil, men blir tilsett i éi bedrift frå august 2019 til august 2020. Då er det opp til deg og arbeidsgjevar om du skal fortsette i fast stilling. Som trainee får du prøve deg på ulike oppgåver og har din eigen mentor i bedrifta. Du får også bli kjent med dei andre traineane som deltar i programmet. Gjennom året deltar du på fire samlingar og ein tur til utlandet. På samlingane får du verkeleg sjå kva Sogn og Fjordane har å by på, delta på heftige friluftsaktivitetar, båtturar i tronge fjordar, kajakk på stille vatn og besøke nydelege strender! I tillegg opplever du personleg utvikling gjennom øvingar og samtalar med andre trainear og mentorar. Søk i dag! Året på Vestlandet kan bli ditt livs beste!

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.