Image1 768x576

Kickstarta karriera med kommunikasjonsprosjekt

Skriven 18.06.2018 under Karriereprat

To timar etter levert masteroppgåve i visuell kommunikasjon, fekk Vilde Kleppe Braanaas og Jouni Kuuva jobbtilbod. Oppdraget var å fornye visningssenteret til Firda Seafood på Skjerjehamn. Dei takka ja.

Kjekt å kunne lage ei oppleving
Å få tilbod om ein jobb med store kreative mulegheiter og ansvar for heile prosessen, var veldig spennande.I tillegg er det kjekt å få jobbe med ei så stor og viktig næring som havbruksnæringa. Mulegheita til å få ein skikkeleg pangstart etter masteren var fullført, og lage noko mange kunne få oppleve, vog tyngst for oss då vi valde å takke ja til stillinga. Det var vanskeleg å seie nei, men vi visste allereie før vi begynte at det kom til å bli krevande.

Intens jobbing
I prosjektet har vi jobba i mykje større skala enn vi var vande med frå studie og arbeidsliv. Vi har hatt gleda av å samarbeide med dyktige lokale handverkarar som har sett våre idear ut i livet, og vi har jobba intenst med heilskapleg kommunikasjon i alle ledd av gjestane si oppleving på Skjerjehamn. Ambisjonsnivået låg høgt for vårt lille team på to, men vi har fullført på ein eller anna måte. Vi har jobba ubeskriveleg tett på kvarandre og fått høve til å sjå kvarandre sine faglege styrkar og manglar på nært hald.

Flytta utstillinga ut i naturen
Vi begynte prosjektet med utgangspunkt i den forrige utstillinga om havbruk på Skjerjehamn, som var laga av Vil Vite-senteret. Vi erkjente at det mest unike med Skjerjehamn er naturen, så kvifor ikkje lage ei utstilling ute? Det var veldig befriande å gå vekk frå høgteknologiske løysingar, men samtidig satt det høge krav til historieforteljinga. Tilbakemeldingane har vore gode, og mange spør oss korleis vi har komme på alle ideane. Svaret på det er kjedeleg; vi har jobba med dei. Mykje og lenge..

Fylket treng designarar
Som designar er ein heldigvis ikkje dømt til å jobbe innanfor ein avgrensa bransje. Dei fleste begynner å sjå verdien av gode designløysingar, så vi er ikkje så bekymra for framtida. Design handlar om folk. Til dømes å gjere ny teknologi meir menneskeleg, eller å kunne formidle store komplekse tema. Sogn og Fjordane er eit fylke med mykje industri, og det er ein voksande turistmagnet. Det trengs arbeidskraft frå mange fagfelt, også design.

Raspeballar som take away
Både å kjøpe og leige bustad i dei større byane er eit ran. Vi kan berre samanlikne Gulen med Bergen, og ein får definitivt meir havutsikt for pengane i Gulen. I Gulen vår største utfordring at fagmiljøet er litt lite, i tillegg til mangelen på take away på travle dagar. Sjølv om raspeballar på Jokeren kvar torsdag er ein klassikar.

Ser fram til ferie
Vi har flytta fire gonger dei siste to åra, så no vil vi prioritere å finne oss ein plass der vi kan bu for ein litt lengre periode. Det er viktig for oss å vere aktive og ha gode rutiner, og det har blitt utfordrande å få til i livet som nomade. Vi ser fram til å ta oss ein liten ferie no som det har gått i eitt kjør frå master og vidare på dette prosjektet. Men det varar vel ikkje så lenge. Kjenner vi oss rett, så er det snart nye prosjekt på kok.