Karriereprat: Trainee med ansvar for all marknadsføring

Skriven 02.12.2019 under Karriereprat, Nyheiter

I august starta Andrea Hartveit (24) som trainee i Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter. Læringskurva har vore både bratt og lærerik for hordalendingen.

Gjennom Høgskulen i Buskerud meldte eg meg på eit utvekslingsprogram i Brasil, som skulle gå over eit semester. I løpet av det semesteret skulle eg ha fire fag; bedriftsøkonomi, reiseliv, marknadsføring og organisasjonspsykologi. Hovudgrunnen til at eg valte å melde meg på programmet var for å finne ut kva eg ønskte å studere, og eg syns det verka greitt å få prøve ut desse faga, samt at eg fekk moglegheit til å reise. Eg tenkte at det nok var bedriftsøkonomi som kom til å vere mest relevant for vidare studieveg. 

Samba i Brasil klarna hovudet

Etter semesteret i Brasil fant eg fort ut av at det ikkje var bedriftsøkonomi eg ønskte å satse på. Det som fanga merksemda mi var nemleg marknadsføring. Det eg syns var svært spennande med marknadsføring var at det er eit tverrdisiplinert fag, som består av økonomi, psykologi, sosiologi, kultur- og kommunikasjonsfag. Med andre ord eit variert studie som kan gje jobbmoglegheiter i eit stort spekter av bedrifter. 

Eg hadde eigentleg ikkje noko plan om å søke jobb i Sogn og Fjordane etter eg var ferdig å studere. Eg søkte hovudsak i Bergen, men det viste seg å vere mange om beinet. Difor bestemte eg meg for å auke den geografiske grensa mi. Eg oppdaga traineeordninga til Framtidsfylket og blei fort interessert. Det å kunne få ein slik start på arbeidslivet var fristande. 

Ein unik moglegheit

Det at Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter skulle tilsette ein trainee innanfor marknadsføring og kommunikasjon passa meg bra. Eg tenkte at det ville vere spennande å kunne jobbe i ei bedrift som har eit stort samfunnsmessig formål. Det var også unikt at bedrifta aldri hadde hatt nokon marknadsførar eller kommunikasjonsarbeider før. Tanken på at ein skulle få vere med på å planlegge og produsere kommunikasjonsstrategi og marknadsføringstiltak for ei så stor og viktig verksemd var veldig freistande. 

Heldige meg fekk jobben og eg jobbar i dag med marknadsføring og kommunikasjon for Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter. Arbeidsdagane er svært varierte med oppgåver innanfor innhaldsproduksjon til Facebook, Instagram og heimeside, planlegge og iverksette ulike marknadsføringstiltak, lage grafisk design til ulike formål, planlegge karrieremesse, drift av heimeside og utarbeiding av kommunikasjonsstrategi. 

Bredt tilbod

Verdien av å vere trainee er og stor. Det å få møte andre trainear i fylket, og kunne diskutere utfordringar og erfaringar frå arbeidslivet er nyttig. Det er svært sosialt på samlingane, og ein får knytta nye vennskap. Ekstra stor stas blir det å reise til Brussel til våren. 

Det å bu på bygda passar meg og svært godt. Å ha det landleg og fredfullt rundt seg har stor betydning for meg. Det å kunne spasere ned til jobb på tre minuttar er heilt fantastisk. Dei gode fasilitetane på jobb står ledig for oss tilsette å låne. Terapi- og symjebasseng, kajakk, kano eller treningsrom er noko av det vi kan nytte oss av før eller etter arbeidstid. Elles byr området på flotte fjellturar, vakre omgjevnader og det meste av servicetilbod. 

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.