Karriereprat: Tok ein råsjanse og fekk jobb i arkitektfirma

Skriven 09.04.2019 under Karriereprat, Nyheiter

Sara Ødven (26) frå Bygstad såg mørkt på å få jobb som interiørarkitekt. Difor bestemte ho seg for å presentere seg for Xform. Det førte til ein kul karriere og eit herleg liv.

Heimplassen har alltid vore ein stor del av identiteten min og ein stad som eg er utruleg stolt av og glad i. Dei som kjenner meg vart ikkje særleg overraska då eg etter sju år vekke flytta heim i 2016, men for meg var det ikkje like sjølvsagt. For sjølv om ynsket alltid har vore der, valte eg å utdanne meg til interiørarkitekt – eit yrke som ikkje er særleg etablert i Førde og omegn. Men som du snart skal få lese: Eg har trua på framtidsfylket, og det hadde trua på meg!

Perfekt miks av det genuine og freidige

Eg har alltid sett Sogn og Fjordane som ekte og trufast, men også eit uredd fylke. Fleire eg har møtt, som også er frå «bygda», fortel om ein heimplass der det er heilt daudt og alle er så gammaldagse. Eg har aldri kjent meg igjen i dette. Sogn og Fjordane har fantastisk natur, som eg verdset som estetikar og friluftsnytar, men kanskje viktigast av alt har fylket ei unik, blomstrande skaparglede med pågangsmot, engasjement og nytenking med djupe røter i landskapet, tradisjonar og historie. For meg er dette den perfekte miksen av det genuine og freidige. Absolutt ikkje kjedeleg eller gammaldags! Ut av denne miksen oppstår det mykje spennande som skapar tilhøyrsle, samhald og trivsel.

Presenterte meg og fekk jobb i Xform

Mitt «guddommelege» syn på heimfylket vart bekrefta då eg fekk tilbod om fast stilling som interiørarkitekt og teknisk teiknar hos Xform – to månadar før eg var ferdig utdanna! Etter å ha vore i praksis på studiet i Oslo, og møtt mange som ikkje fekk seg jobb, såg eg mørkt på å søke arbeid der. Eg tenkte at eg like godt kunne prøve meg i heimfylket. Etter at eg hadde vore innom og presentert meg til Xform, oppretta dei ei stilling til meg. Dette synest eg var utruleg stort av dei, og å bli sett og tatt i mot på denne måten hadde eg aldri turt å håpe på. Xform er eit perfekt døme på det uredde. Dei vågar å tenke nytt og jobbar for å pushe seg sjølv og bransjen.

Renoverte Gloppen Heradshus

I dag jobbar eg med mange spennande interiørprosjekt, både for privatkundar, næringsliv, offentleg sektor og Xform sine eigne prosjekt. Det tar sjølvsagt litt tid å bygge opp eit nytt tilbod og bli synleg i bransjen, men eg tykkjer det har gått bra og meiner det er eit klart behov i marknaden. Eg har hatt prosjekt som renovering av Gloppen Heradshus, prosjektert ny «kaffibar» for Lotteri- og Stiftelsestilsynet, Puls sin CrossFit, teikna spesialdesigna møblar, utarbeida interiørkonsept for einebustadar og teikna kontor. For tida jobbar eg med Tibber sine nye kontorlokale, samt for vårt eige prosjekt Apothekergaarden. I tillegg er eg kontorets potet når det kjem til grafiske gjeremål og nettside, og er salsansvarleg på fleire av våre utbyggarprosjekt. Så arbeidsomfanget er stort og varierande, og arbeidskvardagen er absolutt spennande!

Avgrensa butilbod til single på bygda

For meg var det heilt naturleg å busette meg i Bygstad. Eg fekk tak i ei perle av eit rekkehus på eitt plan – eit perfekt renoveringsprosjekt for ein interiørarkitekt! Her bur eg med fin liten hage, sol heile året, familien nærme, flotte turområde og er omringa av vakker natur. Ei utfordring med å  busetje seg som singel på bygda er at det meste som er til sals er store einebustadar. Heldigvis er det no større fokus på å bygge rekkehus og mindre einingar som gjer at det lettare for folk i etableringsfasen å bu landleg. Mange av venene mine bur i Bygstad, og fleire er på veg.

Altså, det er eit herleg liv

Utan Førde hadde ikkje livet i Bygstad vore det same. Førde byr på det urbane, medan Bygstad gjev meg det nære og landlege. Førde har kafear, butikkar, utestadar, konsertscene, museum og teater, og det er der eg får dekka bybehova. Eg føler at eg får i både pose og sekk her: toppturar, landets flottaste skianlegg, treningssenter, middag på stormkjøkken, hengekøye og middagslur i fin natur, kunstutstillingar, hellebakstkurs, festivalar, konsertar, quiz og utepils, båtliv, bading og is på brygga, danse swing på fest, spele i korps og sjå bygderevy, ete lunsj med venner på kafé, raspeballtorsdag på Pikant og nydeleg lokalmat på restaurantar, glade folk, kjente fjes og småprat på lokalbutikken, flyplassen og resten verda i nærleiken, lokale naturperler tilgjengeleg for alle – altså, det er eit herleg liv!

Eg trur fylket snart vil bli kjent for fleire

Eg trur og håpar at Sogn og Fjordane vil fortsette å utvikle seg og ha mykje å tilby, både innan karriere og fritid. Det som spirar og gror opnar moglegheiter, og eg trur fylket snart vil bli kjent for fleire. Eg opplever at næringslivet ynsker å vere attraktive, og at dei legg til rette for karriere og har fokus på alle goda som følger med ved å busette seg her. Eg opplever også at tilflyttarar, heimflyttarar og studentar trivst her, og at det har positive ringverknadar. Det beviser at distrikta følger med i tida.

Ikkje noko å stresse med

No burde eg vel skrive at eg skal ut i naturen og finvêret for å nyte ein herleg middag laga på stormkjøkkenet, men i dag har eg mest lyst til å ete middag i sofaen og sjå på «Tid for Hjem»… Sjølv om ein aldri veit kva framtida bringer, trur eg at eg blir her ei stund, så det er ikkje akkurat noko å stresse med 🙂

Sara.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.