5 768x432

Frå studieliv på Gold Coast til toppjobb i Florø

Skriven 13.02.2017 under Karriereprat, Nyheiter

Eirik Engen Skadal (26) og sambuaren Tale Rygh (26) gjekk direkte frå studier i Australia og Ungarn til toppjobbar i Florø og Førde.

Engen Skadal var ein av fjorårets 16 traineear. Med bachelor som maskiningeniør og mastergrad i teknologileiing sikra han seg stillinga som prosjektingeniør i Florø-bedrifta Westcon.

– Eg såg på Westcon som ei spennande bedrift som dreiv med mykje forskjellig, og ein plass der eg kunne lære mykje. Med eit ønske om å kunne ta på meg ansvar var det veldig spennande med ei traineestilling med lovnader om framtidig prosjektleiing.

 

 

Framtidsfylket Trainee går no inn i sitt 14 år, og 150 traineear har vore gjennom programmet. 1. mars går søknadsfristen for årets 26 traineestillingar ut, der fagområda spenner frå arkitektur og kommunikasjon til forretningsutvikling og elkraft. Traineestillingane er blitt veldig populære, og i fjor kom det inn over tusen søknader til dei 24 utlyste traineestillingane

Her kan du sjå alle traneestillingane med søknadsfrist 1.mars 

– Som trainee har ein ei bratt læringskurve. Eg fekk tileigne meg mykje kunnskap innanfor eit nytt område, innan subsea/undervannsteknologi. Eg  vart kjent med ein fantastisk gjeng gjennom programmet, og erfaringsutvekslinga og nettverksbygginga vil utan tvil komme meg til nytte i framtida.

 

Skeptisk østlending

Med seg til fylket tok han også sambuaren sin, Tale Rygh. Ho var litt meir i tvil om flyttevalet.

– Eg var litt skeptisk, sidan eg flytta direkte frå storbyen Budapest til Førde. Men det har gått over all forventning. Eg trivast godt og set utruleg stor pris på den fantastiske naturen her, seier Rygh.

Ho er utdanna psykolog, og fekk raskt jobb i barne- og ungdompsykiatrien.

– Første steg no er å få på plass autorisasjonen som psykolog. Kvar vi endar opp til sist, veit eg ikkje, men eg ser ikkje bort i frå at vi endar opp i Sogn og Fjordane, seier Rygh.

 

 

Framoverlent næringsliv
I løpet av traineeåret besøkjer traineeane ei rekkje verksemder over heile Sogn og Fjordane.  Middagar med toppleiarar, bedriftsbesøk og nettverksbygging står høgt på agendaen.

– Eg har fått møte eit mangfald av bedrifter i fylket, som eg ikkje visste eksisterte. Mitt inntrykk av næringslivet i Sogn og Fjordane er at bedriftene er framoverlente og innovative. Gjennom traineeprogrammet har vi møtt bedrifter som satsar, tilegnar seg kompetanse og skapar verdiar både for seg sjølv og nærmiljøet.

Etter traineeåret sikra Engen Skadal seg fast jobb i Westcon.  Jobbkvardagen spenner frå 3D/2D-teikning, dimensjonering, tilbodsrekning og klargjering til produksjon. Han har halde fleire innlegg om subseasatsinga til Westcon og gjort prosjekt for mellom anna Statoil.  Framtida ser han for seg i heimbyen Førde.

– Borte bra, men heime best. Som tidlegare bergensar, trønder og Gold Coaster var det kjekt å flytte nærare både vener og familie. Sjølv om Førde ikkje er like «stor» som nokre av mine studiebyar, er det framleis nærheit til det meste. Men eg er sjølvsagt ikkje åleine om å ta det endelege valet, seier Engen Skadal.