Karriereprat: Renate var innom både treningsbransjen og rekrutteringsyrket før ho fann draumejobben

Skriven 13.08.2020 under Karriereprat, Nyheiter, Ukategorisert

Studievalet sikra Renate Buene (33) både utdanning og ein ektemann, men til dagleg jobbar ho med noko heilt anna.

Vidaregåande var fullført, og framtida stod for tur. Kva no? Skulle eg flytte vekk ei stund, ta eit friår eller skulle eg studere?

Valet var vanskeleg, men kombinasjonen av foreldre som oppmoda til utdanning, og ein plass på damelaget til Kaupanger, gjorde at eg vart verande i Sogn. Eg har alltid vore glad i trening, så studievalet falt naturleg på idrett, fysisk aktivitet og helse, ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (no Høgskulen i Vestland). Eit val eg er glad for i ettertid, då det sikra meg både utdanning og ein ektemann.

Karrierestart


Med ein bachelorgrad på CV-en, starta eg for alvor i arbeidslivet, nærmare bestemt på Idrettssenteret i Sogndal. Først som prosjektleiar, deretter avdelingsleiar kombinert med ei stilling som personleg trenar. Å jobba som personleg trenar er givande. Du møter mange ulike kundar med ulike mål. Å nytte erfaringa og kompetansen min til å hjelpe folk å nå desse måla er utruleg kjekt.

Livet fekk ei ny vending

I 2012 blei eg mor for første gong. Kvardagen blei snudd opp ned, og ein fekk heilt andre prioriteringar enn før. Det var ein ny sjef i heimen! Å starte dagen klokka 06.30 på jobb for å pushe andre gjennom ein pt-time, eller jobbe heile helga for å få rulleringa til å gå opp i heimen, lot seg ikkje gjere. Eg var klar for å endre retning.

Innom rekrutteringsbransjen

Vegen vidare tok meg til ei stilling som HR- og kundekonsulent i Adecco. Der jobba eg med bemanning og rekruttering. Ein spennande jobb der eg vart kjend med flotte folk og mange ulike bedrifter i Sogn og Fjordane. Etter 6,5 år var eg klar for nye utfordringar.

Blei tipsa om draumejobben

Nokre venninner av meg var informert om at eg var på utkikk etter ny jobb. Dei såg utlysninga til min noverande arbeidsplass på framtidsfylket.no, og tipsa meg om den. Kort tid etterpå var eg seljar i Gosh PGP. Nye utfordringar, superkjekke kollegaer og berre 75 meter lengre å gå til jobben. Heilt perfekt!

Ny jobb: Renate Buene saman med sine nye kollegaer i Gosh PGP. Foto: Privat

Kan ein ha det betre?

Etter åra som har gått har eg blitt meir og meir glad i heimplassen min. Ei unge har blitt til tre, så å flytte vekk no er ikkje eit alternativ. Og det har vel eigentleg aldri vore det heller. Som eg brukar å seie: Eg er født på Kaupanger og eg skal døy på Kaupanger. Ingen annan plass i verda har eg det betre. Med tre små ungar passar dette meg midt i blinken. Kort veg til naturen, kort veg til besteforeldre og familie, og kort veg til jobb. Kan ein ha det betre?

Fin familie: Renate nyter ein fin dag på tur saman med ektemannen Eirik og borna Elias, Elida og Edvin.

Prøv livet på bygda!

Å kunne dyrke interessa mi med å vere fysisk aktiv i ein travel kvardag er enkelt når ein berre kan gå ut bak huset for ein kort eller lang fjelltur, stikke på stisykling ein kveld, eller ein rask joggetur om morgonen før jobb. Eg diggar det!

Akkurat dette synet deler eg nok med mange. Og ein betre plass enn Sogn og Fjordane skal ein leite lenge etter. Mine erfaringar frå rekruttering – og bemanningsbransjen er at det er mange spennande jobbar her. Ute med kysten, inst i ein dal, nede med fjorden eller oppe på fjellet. Og felles for dei alle: fantastisk natur, kort veg til ting og knakande kjekke folk i nærmiljøet.

Eit paradis: Ifølge Renate er det sjeldan feil å hente fram stisykkelen på slike dagar som dette. Foto: Privat

 

Eg oppmodar alle til å prøve livet i Sogn og Fjordane – Trivselsfylket!

(Ja, eg seier fortsatt Sogn og Fjordane)

 

Mor og sønn: Lille Edvin kosar seg på tur saman med mamma Renate. Foto: Privat

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.