
Då Eli flytta heim til Odda for å starte som trainee i Ullensvang kommune, var ho spent, men trygg på valet.
– Eg hadde sakna Odda, men visste ikkje om eg var klar for å flytte heim for fullt. Då var traineeordninga perfekt. Eit trygt år der eg kunne prøve meg på arbeidsplassen, fortel ho.
Eli H. Lekve (23) er utdanna ergoterapeut og jobbar no som trainee på tildelingskontoret i kommunen.
– Eg har tidlegare vore ute i tenestene, som i heimetenesta og i bufellesskap. No får eg sitte på andre sida av bordet, jobbe på tvers og sjå korleis alt heng saman. Det er utruleg lærerikt, seier ho.

Årets traineear på første samling i Jølster.
Saman med 22 andre unge, nyutdanna deltek Eli i Framtidsfylket sitt traineeprogram. I tillegg til jobben er ho med på fem samlingar i året på ulike stadar i Vestland og i utlandet. Målet? Ein mjuk start på arbeidslivet, fagleg og personleg utvikling og nettverksbygging på tvers av områder, fag og bransjar.
På arbeidsplassen i Odda opplever Eli å bli behandla som ein del av laget frå første dag.
– Eg får dei same oppgåvene og deltek på kurs som alle andre. Det gjer at eg kjenner meg som ein vanleg kollega, ikkje berre «ho som er trainee», smiler ho.
Samtidig set ho stor pris på samlingane som høyrer til traineeprogrammet. For Eli handlar det også om å finne ut kva ho vil vidare.
– Samlingane gir rom for å stoppe opp og tenkje over kva som driv oss, og vi får dele erfaringar med andre i same situasjon. Det tek eg med meg tilbake til jobbkvardagen. Og etter at eg flytta heim, merkar eg berre meir og meir at det er her eg vil bli.
– Eg merkar berre meir og meir at det er her eg vil bli.

For arbeidsgivaren har traineeprogrammet blitt eit verdifullt rekrutteringsverktøy. Kommunen har vore med i Framtidsfylket sitt traineeprogram i fleire år, og ser tydelege resultat.
– Vi får fersk kompetanse, nye perspektiv og ofte nye innbyggjarar, seier HR-sjef i Ullensvang kommune, Marianne Halland, og viser til at dei fleste traineeane dei har tilsett har blitt verande i kommunen.
– Det viser at ordninga fungerer, både for dei unge og for oss. Traineeane kjem inn med fersk kunnskap, stiller gode spørsmål og får oss som har jobba her lenge til å sjå ting på nye måtar. Det gir energi og utvikling begge vegar, fortel ho.
– Vi får fersk kompetanse, nye perspektiv og ofte nye innbyggjarar.

Marianne Halland, HR-sjef i Ullensvang kommune.
Ullensvang har brukt traineeprogrammet både til å teste ut ny kompetanse og til å rekruttere på lengre sikt. Det vil dei fortsette med, og skal snart lyse ut to nye traineestillingar for neste år.
– Det er ein trygg måte å finne rett folk på. Du får sjansen til å sjå dei i arbeid, og dei får eit realistisk bilete av kommunen som arbeidsplass. For mange blir det starten på noko varig, seier Halland.
Etter fleire år med gode erfaringar med traineeprogrammet er HR-sjefen klar i talen:
– Det er verdt å prøve. Du får flinke folk, nye impulsar og eit positivt løft i organisasjonen. Og kanskje ein ny innbyggar på kjøpet, seier ho med eit smil.
Vil du tilsette ein trainee i 2026/27? Ta gjerne kontakt med oss for ein uforpliktande samtale!