Malin Steinset Bue Salmon

Nyheiter

Ho blir sentral når Bue Salmon skal vekse

Tekst: Solveig Bjørhovde Rindal

Foto: Privat/Bue Salmon

Det skjer store ting på Bulandet og Lutelandet – og midt i det heile står den nytilsette HR-leiaren Malin Steinset.

Når Bue Salmon no går inn i ei ambisiøs vekstfase, blir Malin ein nøkkelperson i korleis selskapet skal rekruttere, utvikle og ta vare på folka sine.

Ho er utdanna barnevernspedagog, men det var ikkje nødvendigvis den vegen ho skulle gå. Eitt år i barnehage vart det, før vinden bar ho vidare til Nav, Fjord1, Slakteriet, og no Bue.

– Utdanninga har faktisk vore ein fantastisk plattform for HR-rolla, seier ho. Når jobben handlar om relasjonar, kommunikasjon og menneskeleg forståing, så er dette gull.

Malin har nemleg jobba med det meste som handlar om folk i arbeidslivet: tilrettelegging, kandidatmatching, personalkonflikt, varslingssaker, kurs og opplæring, lærlingar, rekruttering og arbeidsmiljø. I seinare tid har ho også tatt etterutdanning i relasjonsleiing.

– Det trigga noko i meg. Eg ønskjer å vere med og bidra til å gjere andre gode. Det er det leiing handlar om for meg.

Telefonen som endra retning

Då telefonen frå Bue kom, var bodskapen klar: HR skulle vere ein sentral funksjon i vekstfasen selskapet går inn i. Det kunne ho ikkje seie nei til.

– Kor ofte får du vere med på bygge noko stort frå ein så tidleg fase? Dei såg verdien HR kan bringe med seg og ville ha funksjonen inn i leiargruppa. Det handlar både om kvalitet i rekruttering, men også kultur og arbeidsmiljø. Det tente eg skikkeleg på, fortel ho.

Bue mannskap

Hos Bue Salmon utviklar dei framtidas akvakultur. Folka står i fokus når dei no går inn i ein ambisiøs vekstfase.

Frå joggesko til sprintsko

Vekstfasen ho snakkar om, handlar om Noregs største landbaserte konsesjon for oppdrettslaks. Pilotanlegget på Bulandet er allereie i drift, og i løpet av dei komande åra ser selskapet for seg å tilsette meir enn 30 nye medarbeidarar.

– No må vi skifte frå joggesko til sprintsko! Skal vi få til dette treng vi mange fleire dyktige folk på laget vårt. Det er eit langsiktig prosjekt som vil ta tid å bygge opp, seier Malin.

Kompetansebehovet spenner frå biologi til automasjon, tekniske fag, prosess og drift. For å nemne noko.

– Dette er etterspurt kompetanse nasjonalt. Då må vi vere attraktive, både som arbeidsgivar og som plass å bu. Folk flyttar ikkje til ei stillingsannonse, dei flyttar til eit liv.

Bue mannskap
Bue mannskap

Alt vi kan!

– Så kva skal de gjere for å få tak i folka?

– Det korte svaret er: Alt vi kan! Seier ho med ein trillande, smittande latter.

– Det lengre svaret er at vi skal jobbe kunnskapsbasert, strukturert og menneskeleg. Det høyrest kanskje ikkje så sexy ut, men det funkar.

Ho utdjupar:

– Det handlar om å etablere gode policyar og strategiar og jobbe målretta. Vi skal i alle fall ikkje tilsette basert på magekjensle. Magekjensla har aldri loggført vasskvalitet, seier ho med eit smil.

– Det betyr at vi må ha gode behovsanalysar, klare krav og vere ærlege. Både om kva som er moglegheitene og bra hos oss, men og kva som er utfordrande.

Når "den rette" berre dukkar opp

Samstundes skal dei vere fleksible dersom den rette kompetansen plutseleg dukkar opp. Det gjorde dei i august i år, då ein kandidat flytta heim og ønskte seg jobb hos Bue.

– Kompetansen var rett og slett for god til at vi kunne la ho gå ifrå oss. Vi hadde ingen utlyst stilling på det tidspunktet, men vi vurderte at hennar erfaring og kompetanse ville styrke organisasjonen framover, og vere relevant også for satsinga vår på Lutelandet.

Bue mannskap

Kultur som konkurransefortrinn

Ikkje minst skal dei ha fokus på kultur. Malin er tydeleg på at kultur vil alltid eksistere, men vil du ha ein kultur som driv verksemda framover og gjer at folk har det bra, må du bygge den – målretta, medvite og i fellesskap. No gler ho seg til å ta skikkeleg fatt på dette arbeidet hos Bue.

– Å jobbe med leiing og arbeidsmiljlø er rekruttering sin beste ven. Dei fleste sluttar fordi dei ikkje trivst, ikkje opplev utvikling, eller fordi forventningane ikkje blir møtt. Dette kan leiarar og organisasjonar gjere noko med. Jobbar vi godt med desse tinga, kan vi skape ein arbeidsplass der folk har lyst til å jobbe, og bli verande.

– Alle opplever endring. Jo betre relasjonar og jo betre kultur vi greier å byggje, jo betre rusta er vi når det stormar. Det betyr ikkje at vi alltid er best, men vi skal heile tida jobbe mot å vere det.

Så finn ho fram til grunnprinsippet sitt, det som gjer HR til noko meir enn prosessar og prosedyrar:

– Kultur er noko som oppstår mellom oss – i måten vi møter kvarandre. Eg trur på å vere varm, tydeleg og ekte. Og så må det vere lov med litt humor!

Vi gler oss til å følgje med på utviklinga!

Bue mannskap

Interessert i ein jobb hos Bue? Følg med på ledige stillingar her, eller ta kontakt med Malin Steinset.

Få siste nytt om arbeidslivet i Vestland:

Meld deg på nyheitsbrevet vårt

Fleire saker