Karriereprat: Panneband-gründaren som vart forskar

Skriven 23.02.2020 under Karriereprat, Nyheiter

Torbjørn Selseng slutta seg i sommar til Framtidsfylket sitt traineeprogram og Vestlandsforsking. Vegen dit har mildt sagt vore variert. No filosoferar sogningen om reisa han har hatt.

Å flytta heim til Sogndal har alltid vore ein slags langsiktig plan, mest fordi at «det går jo ikkje an å surre rundt i ein by heile livet», utan at det var særleg meir konkret formulert. So då sjansen baud seg var eg ikkje vanskeleg å be. Det visste seg å vera det luraste eg hadde gjort.

Før eg byrjar må eg nesten bruke litt tid på å uttrykkje kor vanskeleg eg synst det er å skulle teikna ei linje gjennom ti-femten år, frå utdanning til jobb. Det er eg truleg ikkje aleine om å meine, sjølv om den sporadiske lesar av framsidene til tabloidaviser i kassakøen på matbutikken heilt garantert har observert at dei historiane og narrativa me får presentert, er prega av å ha eit tydeleg årsaksforhold. Det er ei kjede av hendingar og opplevingar som formar vala og personane som tek dei, og ho følgjer alltid ei linje som er nokon lunde rett. Dersom det er nedturar eller tilbakesteg i den kjeda, får dei som regel æra for at dei «gjorde meg sterkare» eller tilsvarande. 

Me er, i tiltakande grad, besett av dette sokalla sjølv-narrativet i vår del av verda, lærde eg i eit psykologi-fag. Men for at vår eiga historie skal henga saman både kronologisk, årsaksmessig og tematisk må me svelja nokre kamelar. Det passar til dømes ikkje so godt å vera for ein sluttdato på oljeutvinning dersom ein jobbar i Nordsjøen fordi det automatisk betyr at eins eigen verdi, som ein del av den viktigaste verdiskapinga i Noreg gjennom femti år, blir spelt ned. På same måte passar det dårleg å gå og hugse på kor lite interessert ein var i grammatikk som tenåring når ein skal forklara korleis ein enda opp som norsklærar. 

Difor tek me nokre val om vår eiga historie, som regel umedvitne, og står ved dei i last og brast. Det er truleg dette eg synst er vanskeleg, å stå for mi eiga tolking. Korleis kan eg vite at den er rett? Det er ikkje nokon måte å sjekke om det var den grøne innreiinga i stova heime og den stille entusiasmen til mor mi som gjorde at eg vart so glad i planter, eller om det var den eine Monsteraen eg fekk som hang med nebbet og såg trist på meg kvar gong eg gjekk forbi, fordi den fekk enten for mykje eller for lite vatn, før det ein dag snudde på magisk vis. Det er heller ikkje noko måte å vita korleis mitt syn på mi historie avgrensar mi verd. Kva er det eg ikkje ser når eg ser dette? 

Ovanfor: Sånn ser ein forskar ut. Foto: Idun Husabø

Eg blir regelrett forvirra av mine eigne gjenforteljingar. Kvar gong eg blir spurt til dømes om kvifor eg starta å lage panneband, fortel eg ei ny historie. Etter historia er fortalt, går eg og grublar på alle alternative historiene eg kunne fortalt. Neste gong fortel eg difor gjerne ei anna historie. Begge er like sanne. Dei har berre ei anna årsakskjede. 

Det er ikkje det at eg synst ti eller femten år er ei grusamt lang periode å teikna ei linje gjennom. Ein dag kan vera like vanskeleg. Men femten år er ein litt meir substansiell tidsperiode, og forventinga til at det skal finnast eit narrativ inni der, er mykje større. Eg har difor prøvd, etter beste evne, å fortelje korleis eg enda opp som forskar-trainee:

Etter arbeidsveka i åttandeklasse i Sogn Avis, vart planen lagt: Eg skulle bli journalist. Eg hadde fått mykje skryt for måten eg hadde skildra brøytebilen til Mesta på i ein reportasje om riksveg 5 gjennom Sogndalsdalen. Eg hugsar ikkje kva eg skreiv, men bra må det ha vore, for det sette ein kurs tvers gjennom skulegangen og like til NRK Marienlyst. Eg vart redaktør i skuleavisa, skreiv prosa på tentamen, gjekk media og kommunikasjon, jobba i lokalavisa på fritida, fekk sommarjobb i NRK, bachelor i journalistikk, og jobb i P1-flaggskipet Her og Nå. 

Kor det skar seg, veit eg ikkje, men ein dag fann eg ut at eg skulle byrja å lage panneband. Eg trur det rett og slett var rein nødvendigheit: Eg hadde gått tom for panneband, og ikkje fann eg nokon eg synst var fine i butikken heller. Ein dag møtte eg ei dame som sat på fortauskanten av butikken sin på Grünerløkka. Ho hadde so mykje rot i butikken at ho ikkje hadde anna val enn å sitje ute på brusteinen med varene sine. Blant dei var det ei strikkemaskin. Den kjøpte eg.

Nokre månader seinare stod eg utan jobb. Det vil seie, eg var midlertidig tilsett i ein redaksjon på P1 som mista retten til å ha midlertidig tilsette. Eg var samtidig ein slags student på UiO, mest for å få stipend. Eg tok litt statsvitskap, litt psykologi, litt sosialantropologi, litt økonomi og litt Heksekunst og trolldom i moderne europeisk historie fordi kvifor ikkje? Men å studera kunne gjerast ganske effektivt, fann eg ut, so difor hadde eg litt for mykje tid å slå i hel og litt for lyst til å lage panneband. So då starta eg like godt eit klesmerke. Då NRK ringde og ville ha meg attende hadde eg det travelt og takka eg nei to gonger. Og det var det: Plan slutt.

Ovanfor: Eg har blitt kåra til månadens tilsatt i panneband-verksemda Bjøddn over 50 månader på rad.

Etter kvart hadde eg strikka meg gjennom ei bachelorgrad i det som til slutt vart statsvitskap. Då min dåverande kjærast, noverande eks-kjærast (fordi me er gift), fekk seg jobb på høgskulen i heimbygda, vart det direkte flaut å skulla bli verande i Oslo medan ho boltra seg i fjella mine. Eg hadde ei verksemd som eg kunne pludre litt med, og etter kvart fekk eg òg krangla meg inn på ein master i klimaomstilling i Sogndal. Då oppdaga eg, for første gong, at eg studerte fordi eg hadde lyst. Det hadde eg aldri gjort før. 

Om ein er litt kynisk anlagt, slik som meg, er det nemleg fort å konkludera med at studietilværet er ei øving i nyttemaksimering: korleis oppnå det ein vil med minst mogeleg innsats. Ein blir jo ikkje premiert for å sitja å grubla. Ein blir premiert for resultat. Ein treng til dømes å bestå for å få omgjort lån til stipend og ein treng C i snitt for å ta master. Om ein brukar 40 eller 4 timar i veka på oppnå det er det same. Vegen er altso ikkje målet. Målet er målet. 

Men slik er det ikkje om ein studerer fordi ein har lyst. Då byrjar ein å sjå etter stiane som ingen andre går på i staden for å leite etter snarvegane, ein byrjar å spørje kvifor og korleis i staden for kva, og ein byrjar å bry seg. Det kan tilrådast, om du sit og lurer på kva du surrar med, å gi slepp på den pragmatiske sida, drite i kva du skal oppnå og berre lære og gjere fordi det er artig. 

For min del førte det til at eg byrja å søka etter karrieremogelegheiter der eg kunne halde fram med å gruble. For meg oppstod det ei ny og fascinerande verd med blå himmel, phd-ar og traineeprogram hjå Vestlandsforsking, men då eg lanserte ideen til folk som kjenner meg godt, sa dei «klart det». 

Ifølge dei var det hit eg var på veg heile tida. 

So no sit eg her og grublar, og får betalt for skrive sånne tidvis abstrakte utgreiingar som dette blogg-innlegget startar med. Eg får lov til å ha ein av dei mest spennande jobbane i Noreg, som klimaforskar på eit internasjonalt leiande forskingsinstitutt. Eg har blitt losa inn, gjennom eit traineeprogram det neppe finst maken til, i eit arbeids- og næringsliv som bognar av gode idear, initiativ og interesse.

Eg hadde i alle fall heilt rett i at «det går jo ikkje an å surre rundt i ein by heile livet». Det eg ikkje var klar over, var grunnen: Det er her dei gode jobbane er.  

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.