Karriereprat: Linn Hege Helle

Skriven 01.02.2018 under Karriereprat, Nyheiter

Kunne marknadens beste jobb ligge i Førde?

For eitt år sidan var tanken på å flytte heim igjen til Trivselsfylket fjern. Jo, tanken hadde slått meg, men eg var relativt rask med å feie den vekk. Både eg og mannen min kjem frå Jølster. Men etter 14 år i Bergen var det der livet vårt var. Vi og sonen vår på eitt år hadde det som plomma i egget. Gode vener, interessante jobbar og vi utnytta byen for alt den var verd. Vi hadde kjøpt oss hus, nettopp sagt oss nøgde med oppussinga og livet var ikkje så verst. Likevel, på seinsommaren 2017 begynte tanken om å flytte “heimover” for alvor å melde seg. Eg trur vi begge blei like overraska over dette. Flytte heim igjen? Det var både ein skremmande og spennande tanke. Først og fremst tenkte vi at det ville være kjekt å komme nærare familien. Men kva med livet vårt utover dette? Kunne vi få det like fint som vi hadde det no? Vi var begge usikre på dette, men samtidig blei flytting meir og meir aktuelt for kvar gong vi diskuterte temaet.

Vente på den riktige jobben
Uansett var det ein ting som var avgjerande for at vi skulle flytte. Vi måtte finne oss interessante jobbar. Vi visste ingenting om om jobbmarknaden i Sogn og Fjordane, og dermed blei konklusjonen at dette kunne ta tid. Vi fekk rett og slett fekk sjå kva som dukka opp av moglegheiter og ta avgjerdene deretter.

Dei siste fem åra har eg jobba som prosjektleiar i digitalbyrået Knowit. Her jobba eg i skjæringspunktet mellom merkevare, reklame og teknologi. Eg hadde ei fast portefølje av kundar som eg stortrivdes med og prosjekta spreidde seg i alt frå reklamekampanjer, identitetsutvikling til meir teknisk retta prosjekt. Eg hadde ein variert jobbkvardag med dyktige kollegaer og interessante kundar. Men i tillegg til dette hadde fleire av kollegaene etter kvart blitt gode vener. Å flytte frå dette var jo i utgangspunktet galskap.

Marknadens mest spennande jobb skulle vise seg å ligge i Førde
Men ut av det blå dukka Tibber opp. Eg hadde lite kjennskap til bedrifta, men etter å ha lese om kva dei dreiv med og kva dei sto for, var min første tanke at dette høyres ut som ei skikkeleg kul bedrift. Ei kul bedrift, med ein stor visjon og som attpåtil låg i Førde. Kunne dette være ein plass for meg å jobbe? Etter fleire samtaler blei dette i aller høgaste grad bekrefta. Dette var ei bedrift med 100 prosent fokus på kundeopplevelse, med ein visjon om å lage enkle og tvers gjennom knallgode tjenester. Tibber sitt tankesett var noko eg kunne identifisere meg med og stå inne for, og då eg fekk tilbod om jobb måtte eg rett og slett seie ja. I Tibber skal eg jobbe med den digitale kundeopplevelsen frå A-Å. Eg skal bidra til at kundane sit igjen med ei god oppleving gjennom heile kundereisa, og eg gler meg skikkeleg til å ta fatt på arbeidet.

No gjekk det fort i svingane
Etter at eg takka ja til jobben i Tibber gjekk det fort. I løpet av nokon veker solgte vi huset, mannen min fekk seg ny jobb, sonen vår fekk barnehageplass, flyttebil blei bestilt og huset pakka ned. Berre nokon få månadar etter at vi for alvor tenkte tanken med å flytte, var vi altså på veg. Det hadde vist seg at jobbmarknaden i Sogn og fjordane i aller høgaste grad leverte spennande jobbar.

No har vi budd ein månad i Førde og vi stortrivast i vår nye heim, i jobbane våre og sjølvsagt med å ha familien nærare. Og om saknet etter Bergen blir for stort, så har dei kaffe latte fullt på høgde med Bergens beste på Olefine, så då går det heilt fint likevel.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.