Karriereprat: Lever ut draumen: Å bu i Solund

Skriven 24.05.2020 under Karriereprat, Nyheiter

Lillian Herland (26) visste tidlig at ho ville flytte til Solund. Då ho forelska seg i ein suling gjekk det berre ein veg. 

«Hildur, du må komme å filetere!» ropte besten, og besta kom lydig ned med både kniv og skjærebrett. Vi var nett komen til lands med dagens fangst. Fersk fisk var daglegdags på hytta, og vi krangla ofte om kven som skulle få vere med besten ut i sabben på fisketur. 

«Ring ring» kjem da frå bjella med påfølgande ordlyd: «Middagen er klar!». 11 born og 10 vaksne, her måtte da skiftordning til slik alle skulle få i seg middagen.

På ei øy i Nord Solund ligg dei beste barndomsminna. Minner av flotte solnedgangar, båtturar mellom holmar og skjær og krabbekvelda på bua. Eg visste tidlig at eg ville bu i Solund.

Oppleve verda

Men først måtte eg ut og oppleve verda. Eg var litt usikker på kva veg eg ville gå, men eg visste at eg ville til utlandet. Eg stifta tidleg interesse for reiseliv og marknadsføring. Valet fall difor på internasjonal marknadsføring på Handelshøgskulen BI Bergen. Her kunne eg avslutte skulegangen i utlandet. Eg valde å reise på andre sida av jordkloden for å få maks utbytte av reisa.  

Eg har alltid likt å reise for å oppleve nye plassar, så å reise til utlandet som ein del av skulegangen var for meg ein «no brainer».  Etter vel 10 månader i det store utland vendte eg snuten tilbake til Norge. Sidan har det gått slag i slag. 

Les også: Karriereprat: Kva meir kan ein ønske seg?

Det er no eller aldri

For i 2016 forelska eg meg i ein suling, og då gjekk det som det måtte gå. I 2017 fekk eg tilbod om eit vikariat i Solund og tenkte at det er no eller aldri. Sjølv om det ikkje var eit yrke eg har utdanning innan så visste eg at her kan ein ikkje velje og vrake i stillingar som passar som hand i hanske. Samstundes som eg byrja å arbeide i Solund, intensiverte aktiviteten på sosiale media seg, i form av bildedeling. Her finn ein rå og ærleg natur ulik noko anna. 

Noregs beste Instagram
Eg har sidan eg flytta opp til Solund blitt veldig aktiv på Instagram der eg legg ut bilete av kvardagslige ting. Eg likar spesielt å ta naturbilete, og typiske nett no-augneblinkar frå fjelltur eller kveldskaffi i solnedgangen. Dette førte til at eg blei nominert til konkurransen Norges beste Instagram 2018. Konkurransen gjekk over fleire ledd og til slutt stod eg igjen blant dei 12 beste i landet. Ein utrolig spennande og kjekk følelse at bileta eg tar gjer inntrykk på andre. 

Draumejobben

Konkurransen førte med seg masse godt. Sommaren 2019 kontakta Visit FjordKysten meg for å høyre om eg var interessert i å jobbe med deira Instagram. Når det då hausten 2019 dukka opp ein ledig jobb var det ikkje tvil; denne måtte eg søke på! Til tross for at jobben var stasjonert i Florø var det aldri noko tvil frå både meg eller kjærasten; om det kom eit tilbod på bordet, vart distanseforhold ein realitet.

Og slik gjekk da. I dag jobbar eg i Florø og bur der i vekene, medan Kristian bur i Solund. Eg reiser heim i helgane, og har innimellom litt heimekontor. Livet smilar veldig for tida med både draumejobb og det at eg kan bu på draumeplassen min. No planlegg vi resten av framtida, her i Solund. 

Les også: Karrierprat: – Eg fekk jobben! Eg skal flytte tilbake til Florø

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.