Karriereprat: Kva meir kan ein ønske seg?

Skriven 27.03.2020 under Karriereprat, Nyheiter, Ukategorisert

Guro Hjelle Aamot hadde ingen planar om å flytte frå Bergen. Det snudde fort då draumejobben plutseleg dukka opp.

Som ein ekte sunnfjording, har eg alltid vore glad i Sogn og Fjordane. Men det var først etter eit folkehøgskuleår og ei jorda-rundt reise at eg forstod kor mykje Sogn og Fjordane verkeleg betydde for meg. Då eg kom med bussen over fylkesgreinsa frå aust, kryssa Sognefjorden og såg fjella i Jølster ruve rundt meg idèt kveldssola gjekk ned i vest, slo nyforelskinga til eige fylke til!

Eg starta utdanningsforløpet mitt med eit årsstudium i idrett i Sogndal. Sjølv om eg var usikker på kva utdanning eg skulle velge, visste eg at eg ville jobbe med folk, og interesse for idrett og aktivitet hadde eg med meg frå oppveksten. Livet som idrettstudent i Sogndal passa meg veldig godt! Studiet var interessant, det sosiale miljøet var inkluderande og det florerte av positive og engasjerte menneske. Dessutan ligg Sogndal i seg sjølv ekstremt godt tilrette for friluftsglade sjeler, der naturen kring bygda er ei einaste stor leikegrind.

I løpet av året i Sogndal bestemte eg meg for at eg ville spesialisere meg meir innanfor kropp og bevegelse. Eg hadde eit ønske om å få bidra til at andre også kunne få kjenne på gleda med å vere i aktivitet, til tross for eventuelle skadar eller sjukdom. Etter fullført årsstudium forlot eg difor Saftbygda til fordel for storbyen Bergen for å studere fysioterapi, ein treåring bachelor med eit påfølgande turnusår.

Idèt turnusåret mitt gjekk mot slutten, dukka det opp ei ledig stilling på Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter i Fjaler kommune. Eg søkte, fekk jobben og har vore der sidan. No har det gått fire og eit halvt år.

Jobben på Hauglandssenteret har gitt meg moglegheiter og erfaring eg aldri hadde drøymt om at eg skulle få så tidleg i mi yrkeskarriere. I rehabiliteringa har vi ei aktiv tilnærming, med stort fokus på ressursar og meistring. Vi legg vekt på lystbetone aktivitetar, deltaking, friluftsliv og tett tverrfagleg samarbeid. Eg har også vore heldig å få vere involvert i spennande prosjekter dei siste åra. Ein liten del av stillinga mi er bl.a. knytt opp mot eit samarbeidsprosjekt med UWC (United World Collage), der eg får moglegheit til å følge opp studentar som er skadd i krig, eller kjem frå konfliktfulle land. Å sjå gleda dei utstålar når dei prøver og meistrar sykkel for første gong i livet, eller når dei går over målstreken i sitt første skirenn under Ridderveka på Beitostølen, er heilt uvurderleg! I fjor reiste eg til Kambodsja i forbindelse med dette prosjektet. Der fekk eg bl.a. møte andre born og unge med ulike funksjonshemmingar, som har gitt inntrykk for livet. Eg har også fått samarbeide med anerkjente institusjonar i Noreg, som Haukeland Universitetssjukehus, Sunnaas Sjukehus, Beitostølen Helsesportsenter, Valnesfjord Helsesportsenter m.fl.

I utgangspunktet hadde eg ikkje tenkt meg tilbake til heimtraktene så snart etter fullført utdanning, men eg kan ikkje sei at eg har angra. Her har eg alt eg treng, og meir til! Å ha moglegheita til å stikke rett til fjells, på ski eller i kajakken rett etter jobb er ein luksus eg ikkje ville vore forutan. Med bil kan ein innan få timar på hjula nå fleire andre attraktive og spanande severdigheiter. Nordfjord kan bl.a. by på Via Ferrata, Skålatårnet, Briksdalsbreen, Vetvika, Kannesteinen, surfing i Hoddevika og Europa si høgste sjøklippe; Hornelen. Sogn kan by på alt frå eventyrlege tindar i Jotunheimen, vandring på Jostedalsbreen, padling i Nærøyfjorden, sykling på Rallarvegen og vandring langs Kongevegen med gamle fjellgardar som fortel om svunnen tid. I Solund, Bulandet og Værlandet i vest finst eit øyrike som byr på padleopplevingar i verdsklasse og dei flottaste solnedgangane.

Sjølv om regntunge dagar og veker til tider kan vere harde å takle for ein kvar, finst det også fleire moglegheiter innandørs å boltre seg på – Sunnfjordhallen med moglegheit for innandørs sandvolleyball og klatrevegg har redda mang ein tung nedbørsdag. Førdehuset med svømmehall og kino, og dagsturhytter der ein kan søke ly om ein vil komme seg ut i frisk luft likevel, finst i kvar kommune. Kulturlivet har også mykje å by på, av konsertar, festivalar og andre eventar i løpet av året. Kva meir kan ein ønske seg?

 

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.