Karriereprat: Heilgarderte seg for å få jobb i Sogn og Fjordane

Skriven 27.11.2019 under Karriereprat, Nyheiter

Rebekka Ullebø frå Dale tok ei utdanning som skulle sikre ho jobb i heimtraktene. No har ho fått seg fast jobb som revisor i Deloitte og er storfornøgd med livet. 

Då eg stod ovanfor utdanningsval var det ikkje klinkeklart at eg skulle bli økonom. Det einaste som var sikkert var at eg skulle ta ei utdanning med som ga meg jobbmoglegheit i heimtraktene. Eg vil bli gammal og grå i trivselsfylket. 

Klinkeklart val 

Ein kombinasjon av uvitheit om kva jobbtilbod fylket har å by på, og at eg alltid har likt å jobbe med tall, førte til at eg begynte på økonomistudiet i Bergen. Eg har nemleg høyrt at som økonom kan ein få jobb nesten kvar som helst. Etter tre år på Høgskulen på Vestlandet, avdeling Bergen, var det blitt klinkeklart at valet med å studere økonomi var riktig for meg, så eg søkte meg inn på master på NHH. For at alle dører skulle stå opne, valde eg å ta ein master i revisjon. Det likte eg så godt at eg søkte på jobb hos Deloitte i Førde, der eg begynte å jobbe i august i år. 

Tett på næringlivet

I arbeidet mitt som revisor får eg innblikk i mange ulike bedrifter. Etter berre tre månader i Deloitte har eg oppdaga at vi har eit veldig variert og spennande næringsliv i nærområdet. Det er stas å få jobbe med fleire av desse bedriftene. Det er fleire fordelar med å jobbe på eit lokalkontor i distriktet, framfor eit kontor i dei større byane. Mi erfaring er at ein får tildelt ansvar frå første dag, og at ein får fleire meiningsfylte oppgåver. Vi arbeider med store og små selskap, og kjem dermed tett på bedriftene. Vi får tidleg moglegheit til å reise ut til klientar, noko som er svært lærerikt og spennande. Eg kan med handa på hjartet seie at eg trivast godt i arbeidslivet så langt. 

Bye bye, eksamenslesing 

Det er herlig å ha fri på ettermiddagane og i helgane utan å ha pensum hengande over skuldrane. I år skal eksamenslesing bytast ut med julebakst, julepynting, julekonsert og andre juleaktivitetar – det gledast. Til tross for at perioden februar til juni er nokså hektisk, er sommaren til gjengjeld nokså roleg. Det betyr lang sommarfeire. Eg er veldig glad i å reise, og dette gir med ein ypparleg moglegheit til å oppleve mange ønska reisemål. Til sommaren er planen derfor å feriere nokre veker i USA. 

Ein revisors draum 

Bylivet kan utan tvil freiste med gode som heimtraktene ikkje kan tilby. Det er heller ingen tvil om at storbylivet er eit pengesluk. For ein økonom er det derfor inga ulempe at bygdelivet gjer godt for lommeboka. Restaurantbesøk, dyre bustader, dyre treningssenter, byturar og fristande butikkvindauge kan bli dyrt i lengda. Likevel er det ikkje nødvendigvis slik at desse moglegheitene uteblir heilt som følge av heimflytting. Restaurantbesøk er bytta ut med rullerande middagsselskap hos venninnegjengen. Foodora er bytta ut med middag frå ho mor i ny og ne. Dyr bustad er bytta ut med same standard til halve prisen. Fancy dyre treningssenter er bytta ut med eit mindre fancy treningssenter, men kva gjer det når ein har spreke venninner å bruke det ilag med? Pub til pub er ikkje like attraktivt når ein ikkje er student lengre, så den lokale puben kan dermed fint tilfredsstille desse behova. Livet utanom storbyen kan altså vere nokså trivelig og eg og sambuaren min stortrivast allereie – så mykje at vi er på utkikk etter tomt til husbygging. 

Absolutt ikkje kjedeleg 

Det var to ting som spesielt bekymra meg når eg skulle flytte heim; pendlarlivet og latmannsliv på ettermiddagen. Pendlarlivet går over all forventning – å bytte ut stappfulle bybaner og bussar i rushtrafikk med ein meir rolig køyretur eller busstur til Førde er nydelig. Latmannsliv på ettermiddagen var også ein unødvendig bekymring. Ein fjelltur eller båttur etter jobb, trening, leik og moro med tanteungar og sosiale samankomstar fyller kvardagen, og eg har endå til gode å kjede meg. Det er heller ikkje vanskelig å fylle minneboka med kjekke opplevingar frå fylket. Blant anna har eg nytta meg av fleire gode festivalopplevingar og ein fantastisk fin tur til Via Ferrata i Loen. På ynskjelista til jul står nye ski, og eit håp om mange fine turar på Langeland etter arbeidstid. 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.