Karriereprat: Frå Etiopia til Stryn

Skriven 17.11.2019 under Karriereprat, Nyheiter, Ukategorisert

Det var ingen sjølvfølgje at Silje Kristin Guddal skulle tilbake til Stryn. No fortel ho om korleis det gjekk til då ho fann vegen til sine gamle røtter.

Eselet skreik så det gjekk gjennom marg og bein, men den skabbete strutsen let seg ikkje affisere. Det gjorde ikkje Marthe og eg heller. For denne kvelden hadde vi bore jernsengene våre ut av betongbrakka og ut i den varme, etiopiske kveldslufta. Eselet fann etter kvart roen, og det same gjorde vi. Over oss var ein stjernehimmel heilt utanom det vanlege. For med ingen konkurrerande lyskjelder i kilometers avstand, så skin stjerner ekstra sterkt. Marthe og eg snakka om feltarbeidet vårt og om framtida. Når bacheloren i Utviklingsstudie var i boks, kom vi då til å jobbe frå Noreg, eller hadde vi blitt hekta på Afrika?

Ny utdanning
Den vårnatta i 2008 var ei av mange under Etiopisk himmel. Lite visste venninna mi og eg at vi begge skulle ende med å arbeide med noko heilt, heilt anna enn bistand og utviklingsarbeid i Afrika. For no, 10 år seinare, er eg busett to middels gode steinkast i frå barndomsheimen min i Stryn. Kva skjedde?

Vel, vegen vert til medan ein går, og slik er det med livet óg. Så til alle som engstar seg for kva ein skal studere, kva ein skal arbeide med, kvar ein skal bu: Det går neppe heilt slik du ser føre deg, men det gjer ingen verdens ting. Det går fint til slutt!

Etter bacheloren ved universitetet, sa mi beste venninne; Du skal ikkje bli journalist då? Ein skal lytte til dei som kjenner ein vel, så slik vart det. Studiet gav meg praksis og sommarjobb i NRK Sogn og Fjordane i Førde. Med ein ny bachelor i lomma fekk eg tilbod om eit vikariat som reporter. No vart det vanskeleg. Skulle eg flytte frå Oslo til vesle Førde? Min kjennskap til Førde avgrensa seg til tannreguleringstimar, shopping på kjøpesenter etter tannreguleringstimar og nokre jentekampar i handball i Førdehuset.

Sjølvsagt takka eg ja! Adjø Oslo, gode vennar, ettermiddagsbyger, Villa Paradisio og Nordmarka. Hei, Førde, nye kollegaer, kronisk nedbør, Peppes Pizza og skikkelege fjell.

Små forhold, store moglegheiter
Eg takka ja fordi månadane i praksis og sommarjobb hadde vist at Sogn og Fjordane er eit journalistisk eldorado. I dette vesle, vakre fylket kan ein finne dei mest utrulege historiene, dei mest framoverlente folka, dei spenstigaste ideane. På dei mest naturstridige plassane byggjer sogningar og fjordingar arbeidsplassar, nye selskap og innovative løysingar.

Vikariatet vart til fast stilling. Månader vart til år. Regelen om «borte bra, men heime best», skulle vise seg å gjelde i kjærleikslivet også, for eg fann meg ein mann i frå nabobygda Loen. Bustadadressa endra seg frå Førde til Stryn. Etter åtte år i NRK hadde eg besøkt omlag kvar ein avkrok i fylket, intervjua lekfolk og prest og alt i mellom. Besøkt høgdegardar og gründersuksessar. Det var på tide med noko nytt. Men kva?

I år var Silje Kristin konferansier på Kraft i Vest. Her diskuterar mellom anna Naturvernforbundet og Zero dei mykje omtalte vindkraftplanane i landet. Foto: Kjetil Myrland

 

Det globale, lokale selskapet
Jobbannonsa var absolutt ingen perfekt match til min CV. Men jobben virka utruleg spennande, kollegaene så kjekke, arbeidet var noko heilt nytt, kontoret låg i Stryn, men ein måtte pårekne noko reiseaktivitet (Perfekt, då slepp eg å sjå på Årheimsfjellet 365 dagar i året!) Det gjekk heldigvis min veg, og det var med kribling i magen eg takka ja til jobb i PwC. Noko 100 prosent heilt nytt.

«Er du revisor, då?» Det spørsmålet har eg svart på sikkert 20 gonger etter jobbskiftet. Nei, eg er ikkje revisor, for PwC er så mykje meir enn eit revisjonsselskap.

Som rådgjevar og marknadsansvarleg jobbar eg side om side med dyktige advokatar, nytenkande konsulentar og ja, kyndige revisorar. Trass svært ulike fagdisiplinar jobbar vi tett i lag for å kunne løyse oppgåvene best mogleg.

Men korleis passar det, for ei etter kvart så heimekjær jente, å jobbe i eit globalt selskap med over 250.000 tilsette? Det passar som hand i hanske! PwC er globale, men vi jobbar lokalt. Med heile seks kontor i Sogn og Fjordane kan vi med handa på hjartet seie at vi kjenner dei lokale forholda, strukturane og rammevilkåra.

Eit kinderegg
Jobben i PwC har gitt meg heilt nye utfordringar, ei stupbratt læringskurve som aldri vil ta slutt (heldigvis) og dyktige, snille, kule kollegaer over heile fylket. Å få jobbe lokalt og regionalt med små og store bedrifter, offentlege og private er utruleg spennande. No kjem eg enda tettare på det næringslivet og dei etatane eg besøkte som journalist. Forskjellen er at då måtte eg lytte og rapportere, no kan eg vere aktiv og bidra. Det likar eg!

Det er 11 år, to utdanningar, to jobbar, ein sambuar, to barn og ein bubil sidan eg låg under stjernehimmelen i Etiopia. Lite visste eg då, at alle vala eg kom til å ta til slutt ville føre meg tilbake til Stryn. I dag har eg ein jobb som er ganske så lik den kollegaer i PwC i Oslo, eller for den saks skuld Berlin eller Stockholm, har, men eg har jobben i verdas finaste bygd med familien rundt meg. Rett og slett eit kinderegg i praksis! Heldige meg!

Silje Kristin er no heime i mammapermisjon med vesle Kristian, men er sjølvsagt innom kontoret i ny og ne. Her er det dobbel bursdagsfeiring og kake i lunsjen ilag med kjekke kollegaer.

 

 

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.