Karriereprat: Realiserte ungdomsdraumen

Skriven 13.11.2018 under Karriereprat, Nyheiter

Sjølv om landet låg for hans føter, greip Alf Erik Røyrvik (36) sjansen då han kunne flytte heim til naturen, hjortejakta og fiskevatna.

Allereie på ungdomsskulen, då vi var på tur i Naustdalsfjella i friluftslivtimane, bestemte eg meg for å ta ei utdanning som gjorde at eg kunne jobbe akkurat der. Femten år seinare vart stillinga oppretta, og eg stod klar med ei relevant utdanning i baklomma. Synst eg trefte bra med den. I dag bur eg på eit lite småbruk i Hyen i Nordfjord. Førebels er eg den einaste tobeinte på bruket, men eg har selskap av både firebeinte og fjøyrkledde. Når eg ikkje går og ruslar på tunet, jobbar eg som naturforvaltar for landskapsvernområda Naustdal-Gjengedal og Ålfotbreen.

Røyrvik Hyen

Open for alt utanom Oslogryta

Etter grunnskulen tok eg turen til Mo jordbruksskule. Skule kombinert med internatliv og praktisk arbeid var eit herleg liv, og med på lasset fekk eg ei yrkesutdanning. Etter ei kort stund i Forsvaret og litt jobbing, tok eg turen til Universitetet for Miljø og Biovitskap på Ås, med mål om ei mastergrad i naturforvaltning. Og sjølv om eg var meir på Samfunnet enn på skulen, så kom eg greitt gjennom studiet og fekk vitnemålet sommaren 2009. 

Naturforvaltning er eit smalt felt, og jobbane veks ikkje på tre. Eg visste at eg måtte vere førebudd på å flytte dit eg fekk meg jobb, og var open for stort sett alt utanom tjukkaste Oslogryta. Interessene mine har alltid gått mot jakt, fiske og friluftsliv. Slik sett var eg ikkje redd for å flytte til grisgrendte strøk, og eg var litt nysgjerrig på Nord-Norge. Etter 1,5 år i uniform i Kirkenes visste eg at eg treivst i den landsdelen. Men tilfeldigheitene ville annleis, og det bar rett tilbake til trivselsfylket. Eg fekk jobb som utmarkskonsulent i Sogn og Fjordane Skogeigarlag med kontor i Førde.

Fekk draumen oppfylt

Eg måtte nesten le litt av meg sjølv. Her låg landet for mine føter, og så bar det rett heimatt. Men eg greip likevel sjansen når eg kunne flytte heim til den naturen, den hjortejakta og dei fiskevatna eg sette så høgt. Og sjølvsagt til familie, vener og andre trygge rammer. Eit par år seinare vart det oppretta stilling som verneområdeforvaltar for Naustdal-Gjengedal og Ålfotbreen. Då den vart lyst ut, visste eg at eg måtte søkje. For det var vel eigentleg det som var planen og draumen heile vegen!

Alf Erik Røyrvik Hyen

Vi må tenke stort

Eg trur mange tenker for smalt når dei skal definere kva vi kan jobbe med i Sogn og Fjordane. Med dagens teknologi og kommunikasjon kan ein skape og utvikle ei karriere der ein vil! Og særleg her langs kysten, kor vi har mest ressursar og den største skaparkrafta. Sjå berre på det som skjer rundt høgskulemiljøa i Sogndal og Førde; i Sogndal lagar dei sine eigne arbeidsplassar for å kunne bu i  puddersnøen. Inst i ein trong fjord i vesle Hyen har vi Brødrene Aa, som no er verdsleiande på hurtiggåande passasjerbåtar. Og så skal vi ikkje gløyme offentleg sektor. Slik det norske samfunnet er bygd opp, fell mange oppgåver på det offentlege for å sikre at samfunnet fungerer. Her er det mange spennande jobbar!

For min del er det viktig med fritid til å drive med hobbyane mine, og å vere engasjert i friviljuge organisasjonar og i lokalmiljøet. Då passar ein jobb i det offentlege meg godt, med faste arbeidstider og ei trygg og grei løn.

Spesielt lynne på innbyggarane

Det beste med å bu i Sogn og Fjordane er utvilsamt å bu så nær på naturen. Den ligg rett utanfor døra med ein fantastisk variasjon frå det opne havet til dei høgaste fjelltoppane i Jotunheimen. Og så har vi eit spesielt lynne her i fylket. Folk er meir rett på sak og seier det som det er. Det tek nok litt tid for innflyttarar å venne seg til det, men det er veldig enkelt og greitt å forhalde seg til.

Framtida gidd eg ikkje spekulere så mykje i. Det er sjølvsagt kjekt å dagdrøyme om millionløn, fotomodellkone og ny jaktrifle. Men eg er eigentleg mest nysgjerrig på kva framtida vil by på, heller enn eit ønskje om å styre den i ein spesiell retning.  

Hjortejakt Hyen

Bu og jobbe i Sogn og Fjordane? Sjå ledige stillingar her. 

Eller registrer CV-en din her for at bedrifter i Sogn og Fjordane skal finne deg. 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.